Opna hovudmenyen

Tomas Olsson Fosnes (178427. november 1876) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Steinkjer. Hans Konrad Foosnæs var sonesonen hans.

Tomas Olsson Fosnes
Fødd 1784
Steinkjer
Død

27. november 1876

Yrke bonde, politikar

Fosnes var son av ein gardbukar og tok i si tid over farsgarden Fosnes i Steinkjer. Han dreiv denne til sonen Henrik tok over i 1846. Åra 1828-34 var han medlem av skulekommisjonen i heimbygda. Fosnes var 2. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1830. Han var medlem av næringskomiteen og av matrikkelkomiteen. Fosnes var valmann fleire gonger og nært knytt til bondeføraren Hans Barlien. Dei arbeidde for å få fleire bønder valde inn i stortinget.

Fosnes døydde på slektsgarden i 1876.

KjelderEndra