Hans Barlien

norsk politikar

Hans Andersen Barlien (fødd 29. februar 1772 på Overhalla i Namdalen, død 31. oktober 1842 i Sugar Creek i Iowa) var ein norsk gardbrukar og politikar. Han var medlem av det første ordinære storting i 1815-1816. Han var morfar til Hans Konrad Foosnæs.

Hans Barlien
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. februar 1772
Overhalla
Død

31. oktober 1842 (70 år)
Sugar Creek, Iowa

Yrke bonde, politikar, urmakar
Språk norsk

Gardbrukar og mekanikar endre

Barlien synte tidleg gode evner og lære- og leselyst. I 1793 vart han gift og tok over foreldregarden, mot å svare kår til foreldra. Presten på Overhalla på denne tida omtalar Barlien som «en dueli Bonde, har Lyst til Studering, og er begavet med et godt mechanisk Genie, ærlig og troe i sine handlinger».

Barlien kjøpte ein liten gard og busette seg i Trondheim i 1803.[1] Garden hadde eit pottemakeri som han overtok og forbetra. Seinare vart han også urmakar. Han utbetra med tida vassverket i byen, og saman med haugianarane Otto Carlsen og Paul Anziøn starta han eit glasverk på garden Surviken. Barlien vart med tida vidgjeten for sin mekaniske dugleik, og i 1809 mottok han Dannebrogsordenen.

Politikk endre

Etter om lag ni år i Trondheim kjøpte Barlien ein gard på Namdalseid og vende attende til jordbruket. Han utmerkte seg som ein dyktig gardbrukar; Han bygde treskeverk og lagde sitt eige verktøy. Attåt dette starta han også hattefabrikk og paraplyfabrikk, og åtte eit eige boktrykkeri. Forutan dette gav Barlien også ut bladet «Melkeveien».[2] Kring 1814 byrja Barlien å involvere seg i politikken, og jamvel om han ikkje var medlem av riksforsamlinga vart han vald til det første ordinære storting i 1815-1816 som einaste bonde frå Nord-Trøndelag.[2] Då ein representant døydde vart han som einaste bonde medlem av Lagtinget. Dette var ikkje meint som ei påskjøning, men var snarare ein freistnad på å hindre Barlien frå å påverka dei andre bøndene i Odelstinget. Planen var at han skulle sitje i Lagtinget «som et rent Nul».[3] Den viktigaste saka som kom til handsaming i denne perioden var spørsmålet om ordninga av pengevesenet. Barlien sette seg godt inn i saka og gav ut eit stutt skrift om saka i 1815 med tittelen Anmærkninger betræffende Pengevæsenet. En Nationalsag.

Barlien heldt fram som stortingsmann fram til valet i 1818, då han vart sett utanfor. I etterkant av vala i 1820 og 1824 vart han forhindra frå å møte grunna rettssaker som var reist mot han. I Det norske Nationalblad skreiv Barlien ein artikkel der han uttrykker sitt syn på norsk statsrett og røynslene hans som stortingsmann. Her argumenterer han for at embetsmenn ikkje skal kunne vere stortingsrepresentantar. Barlien argumenterer ved å vise til at folket sjølv skal gje sine lover ifylgje grunnlova. Folket er «den producerende og fabrikerende Deel af Statens Medlemmer». Alle andre er tenarar av folket, og Barlien meiner såleis at kongen er den øvste tenaren åt folket.[4]

Barlien og embetsstanden såg på kvarandre med jambyrdes mistru, og Barlien levde konstant under trusselen om tvangsauksjonar. I juni 1837 reiste han derfor til USA, og grunnla etterkvart ein fabrikk i St. Louis. Barlien døydde som bonde i Sugar Creek i Iowa i 1842.[2]

Verk endre

  • Anmerkninger betræffende Pengevæsenet. En Nationalsag, 1815
  • Om Norriges Grundlov, Repræsentation og Valgene, i Det norske Nationalblad, hf. 7, s. 232–238
  • Bemærkninger til Norges Grundlov, Overgaard (Årgård) 1830
  • Melkeveien, 4 nr., Overgård 1830
  • Bemærkninger til det nye Lovudkast dat. 31. Oct. 1831, Trondheim 1833

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Moe, Bernt, Bernt (1845). «Barlien (Hans)». Biographiske Efterretninger om Eidsvolds-Repræsentanter og Storthingsmænd i Tidsrummet 1814-1845. Chr. Schibsted. Henta 26. februar 2010. «Bosatte sig i Aaret 1803 i Throndhjem» 
  2. 2,0 2,1 2,2 Brissach, Ingrid J., Ingrid J. (17.01.2006). «En allsidig kverulant». Adresseavisen. Henta 26. februar 2010. 
  3. Hommerstad, M. (2014). Politiske bønder. Scandinavian Academic Press. s. 45-47. 
  4. Bjerkås, Trond (2019). «En ensom radikaler. Hans Barliens visjon om folkestyre». Historisk tidsskrift 98 (4): 323–339. doi:10.18261/issn.1504-2944-2019-04-04.