Tombstone Blues
Tombstone Blues Song av Bob Dylan frå albumet Highway 61 Revisited | ||
Utgjeve | 30. august 1965 | |
Innspelt | 29. juli 1965 | |
Sjanger | Garasjerock[1] | |
Lengd | 5:56 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | Bob Johnston |
«Tombstone Blues» er det andre sporet på albumet Highway 61 Revisited av Bob Dylan frå 1965. Musikalsk er han påverka av blues, medan teksten er typisk for den surrealistiske perioden til Dylan, med linjer som «the sun's not yellow, it's chicken».
Eit konsertopptak gjort for MTV i november 1994 kom ut på MTV Unplugged i 1995.
Songen vart framført av Marcus Carl Franklin og Richie Havens i I'm Not There, filmen basert på livet til Dylan. Sheryl Crow framførte songen i eit konsertopptak på Sheryl Crow and Friends: Live from Central Park i lag med Eric Clapton, Chrissie Hynde, Keith Richards, Stevie Nicks, Sarah McLachlan og Dixie Chicks.
Stephen King siterer songen mot slutten av den første romanen sin, Carrie. Han brukar linjene:
- «Now I wish I could write you a melody so plain
- That could hold you dear lady from going insane
- That could ease you and cool you and cease the pain
- Of your useless and pointless knowledge».
Og siterte igjen frå songen med linja:
- «you will not die, it's not poison»
i kapittel elleve i romanen Gerald's Game.
Teksten
endreTeksten passar inn i den surrealistiske stilen til Dyllan på denne tida, samstundes om han kjem med bitande kritikk av samfunnet og styresmaktene. Songen har fleire direkte og indirekte antydingar til bibelske figurarar og historiske referansar.[2] Til dømes til Johannes døyparen, som Dylan syng fire linjer om:
- «John the Baptist after torturing a thief
- Looks up at his hero the Commander-in-Chief
- Saying, “Tell me great hero, but please make it brief
- Is there a hole for me to get sick in?”».[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tombstone Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Highway 61 Revisited review på Allmusic by Stephen Thomas Erlewine. Henta 5. november 2018.
- ↑ «Bob Dylan - Tombstone Blues Lyrics». SongMeanings. Henta 16. september 2013.
- ↑ «Tombstone Blues | The Official Bob Dylan Site». bobdylan.com. Henta 5. november 2018.