Tommy Sims
Tommy Sims er ein USA-amerikansk bassist, låtskrivar, plateprodusent og bandleiar.
Tommy Sims | |||
Sims i 2000 | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1987 | ||
Verka som | musikkprodusent, låtskrivar |
Frå 1987 til 1989 var han bassist i det populære kristenrockbandet White Heart, som han slutta i for å bli studiomusikar og produsent. I 1992-1993 spelte han bass på turné ed Bruce Springsteen. Han er òg låtskrivar og var medlåtskrivar på Eric Clapton-songen «Change the World», som vann Grammyprisen for årets song i 1997. Andre songar han har skrive er blitt spelt inn av Bonnie Raitt, Susan Tedeschi, Garth Brooks, Cher, BlackStreet, Toni Braxton og BabyFace, blant fleire. Sims har òg arbeidd med Michael Bolton, Amy Grant, Kelly Clarkson, Carman, CeCe Winans, Israel Houghton, Michael W. Smith, The Neville Brothers, Michelle Williams i Destiny's Child, Brian Courtney Wilson og andre.
Sims har òg gjeve ut eit soloalbum, kalla Peace and Love i 2000. Songane til Sims er òg blitt nytta i film og fjernsyn.
Somme prosjekt
endre- Amy Grant - Heart in Motion, House of Love, Behind the Eyes
- Carman - «The Standard» (1993), «R.I.O.T. (Righteous Invasion of Truth)» (1996)
- Bruce Springsteen - In Concert/MTV Plugged, «Streets Of Philadelphia»
- Garth Brooks - The Life of Chris Gaines, «Retrospective»
- Michael McDonald - Blue Obsession
- Kenny Loggins - It's About Time
- BlackStreet - Another Level
- Toni Braxton - The Heat
- Robert Randolph and the Family Band - «ColorBlind»
- Bonnie Raitt - «Silver Lining», «Souls Alike», «I Can't Help You Now»
- Kelly Clarkson - Thankful
- Newsboys - Shine: The Hits
- Taylor Dayne - Naked Without You
- Natalie Grant - Deeper Life
- Michelle Williams - Do You Know
- Marvin Winans - Alone But Not Alone
- Darwin Hobbs - Worshipper - Broken - Vertical
- Israel and New Breed - Real, «The Power of One»
- Jonny Lang - «Fight for My Soul» (2013)
- Brian Courtney Wilson - «Just Love»
- Cece Winans - Let Them Fall in Love, «You Will»
Diskografi
endre- Peace and Love - 15. august 2000 på Universal Motown
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tommy Sims» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: