Tommy Vig
Tommy Vig (fødd 14. juli 1938) er ein jazz vibraharpespelar, trommeslagar, perkusjonist, arrangør, storbandleiar og film- og fjernsynskomponist.
Tommy Vig | |||
Tommy Vig i Budapest 2009 (Foto av Zsolt Pethő) | |||
Fødd | 14. juli 1938 (86 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Budapest | ||
Fødenamn | Tommy Vig | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Frå 1940-åra | ||
Sjanger | jazz, storband, bebop, orkesterjazz, klassisk, concerto | ||
Instrument | Vibraharp, trommer, perkusjon, xylofon, marimba, pauker, røyrbjøller | ||
Tilknytte artistar | Henry Mancini, Stan Kenton, Red Rodney, Don Ellis, Quincy Jones, Miles Davis-Gil Evans Big Band, Joe Pass, Tom Jones, Terry Gibbs, Art Pepper, Cat Anderson, Nelson Riddle, Shorty Rogers, Pete Rugolo, Milcho Leviev, Rod Stewart, Don Costa og andre | ||
Plateselskap | Klasszikus Jazz, Milestone, Discovery, Tom Tom, Pannon Jazz, Dobre, Mortney, Take V, Luz Records | ||
Verka som | Bandleiar, musikar, komponist, arrangement |
Tommy Vig vart fødd i ein musikalsk familie i Budapest og vart internasjonalt kjend som ei vedunderbarn då han var seks år gammal og spelte trommer me faren, klarinettist Gyorgy Vig. Vig fullførte studiane sine ved Béla Bartók konservatorium i 1955 og Ferenc Erkel musikkhøgskule i 1956. Etter den ungarske revolusjonen i 1956, flykta han til Wien, der han spelte konsertar med Fatty George og Joe Zawinul. Etter han flytta til USA byrja han å komponere og dirigere sine eigne konsertar. Vig arbeidde med Red Rodney, Don Ellis, Cat Anderson, Terry Gibbs, Art Pepper, Milcho Leviev, Joe Pass, og Miles Davis-Gil Evans Big Band blant mange andre. I 1961 slo han seg ned i Las Vegas, der han spelte med Frank Sinatra, Sammy Davis jr., Tony Curtis, Woody Allen, Judy Garland og Tony Bennett. Han var perkusjonist på mange av albuma til Rod Stewart i 1970-åra.
Diskografi
endreAlbum
endre- The Tommy Vig Orchestra 2016, Klasszikus Jazz Records (2017)
- Tommy Vig 2015! The Time Machine], Klasszikus Jazz Records (2014)[1]
- Tommy Vig 75!, Klasszikus Jazz Records (2014)[2]
- Welcome to Hungary! The Tommy Vig Orchestra 2012 Featuring David Murray, Klasszikus Jazz Records (2011)
- ÜssDob, Tom-Tom Records (2008)
- Now and Then, Pannon Jazz (1947–2003)
- Tommy Vig 1978, Dobre Records No. 1015 (1978)
- Tommy Vig Orchestra Encounter With Time Discovery Records DS-780(1977)
- Somebody Loves Me, Dobre Records No. 1005 (1976)
- Tommy Vig in Budapest, Mortney Records No. 71425 (1972)[3]
- Just for the Record, Private Pressing (1971)
- The Sound of the Seventies, Milestone Records No. 9007 (1968)[4]
- Encounter with Time aka Space Race, Discovery Records No. 70925 DS-780 (1967)[5]
- The Tommy Vig Orchestra, Take V Records (1964)[6]
Musikk for film og fjernsyn
endre- 1970- til 1980-åra: This Is the Life (TV-serie)
- 1974: Nightmare Circus (aka The Barn of the Naked Dead or Terror Circus)
- 1975: Forced Entry
- 1975–1976: Doctors' Hospital (TV-serie)
- 1979: Starsky and Hutch (TV-serie) «Birds of a Feather»[7]
- 1981: Ruckus
- 1981: Texas Lightning
- 1982: The Kid with the Broken Halo (TV-film)
- 1982: They Call Me Bruce?[8]
- 1983: Sweet Sixteen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tommy Vig» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.jazzma.hu/hirek/2015/01/06/tommy-vig-2015-the-time-machine
- ↑ http://www.jazzma.hu/lemezpolc/kulfoldi-eloadok/vig-tommy-vig-tamas/tommy-vig-75/kritika/vig-tommy-vig-tamas-tommy-vig-75
- ↑ http://audiodesignstudio.blogspot.com/2011/08/tommy-vig-live-in-budapest-1971-lp.html
- ↑ Milestone Records 9000 series discography[daud lenkje]
- ↑ http://jazzprofiles.blogspot.com/2012/03/two-from-tommy-vig.html
- ↑ Billboard Review (Oct 23, 1965)
- ↑ Starsky and Hutch: Birds of a Feather på YouTube
- ↑ They Call Me Bruce? på YouTube