Tone Klev Furnes

Tone Klev Furnes (fødd 8. mars 1964) er ein norsk kunsthistorikar frå Mandal.

Tone Klev Furnes
Tone Klev Furnes.JPG
Fødd 8. mars 1964 (58 år)
Yrke skribent, kunsthistorikar

Furnes er cand. philol. frå Universitetet i Oslo (1999). Ho skreiv hovudfagsavhandlinga si om Amaldus Nielsen (1838-1932) og hans plass i norsk kunsthistorie. Avhandlinga vart utgangspunktet for hennar første kunstnarbiografi, Amaldus Nielsen (1838-1932) Kystens maler frå 2000. Ho er då òg faglitterær forfattar (NFF), og er kjent for kunstfaglege bøker som handlar om kunstnarar som er fødde og oppvaksne i hennar eigen heimby Mandal. Blant desse er Adolph Tidemand (1814-1876), Amaldus Nielsen (1838-1932), Gustav Vigeland (1869-1943), Emanuel Vigeland (1875-1948) og Olaf Isaachsen (1835-1893). I 2013 gav ho ut ein kunstnarbiografi om Emanuel Vigeland.[1] For denne boka fekk Tona Klev Furnes Sørlandets litteraturpris i 2014.[2]

Tone Klev Furnes er òg utdanna spesialpedagog frå Høgskulen i Telemark. I 17 år arbeidde ho i skuleverket; som lektor og spesialpedagog og i administrative stillingar. I dag arbeider ho som seniorrådgjevar kultur i Agder og Telemark bispedømme.[treng kjelde]

Prisar og utmerkingarEndra

  • Oslo kommunes Kunstsamlinger (OKK) (1998)
  • Det faglitterære fond, NFF (2004, 2006, 2010 og 2012)
  • Fritt Ord 2005, 2008, 2010 og 2012.
  • Norsk-finsk Kulturfond 2009
  • Kunstnerforeningens Blomstipend (2012)[3]
  • Mandal kommunes Kulturpris (2011)[4]
  • Kulturdepartementets ettårige arbeidsstipend (2012)
  • Sørlandets litteraturpris (2014)[5]

UtgjevingarEndra

KjelderEndra

  1. vg.no: «Anmeldelse: Tone Klev Furnes: «Emanuel Vigeland. Vita»» 26. juni 2013 (besøkt 14. desember 2014)
  2. Lenke til side på Sørlandets litteraturpris' nettsted (Besøkt 5. desember 2014)
  3. Kunstnerforeningen.no: «Feststemt Grandmøte i Speilsalen i Thorbjørn Egners ånd» Arkivert 2015-02-23 ved Wayback Machine. (besøkt 14. desember 2014)
  4. Kunstnerforeningen.no: «Tone Klev Furnes får Mandal kommunes kulturpris 2011» Arkivert 2014-12-13 ved Wayback Machine. (besøkt 14. desember 2014)
  5. Tegnander, Pål: «Vant Sørlandets litteraturpris 2014» på nrk.no 23. april 2014 (besøkt 14. desember 2014)

BakgrunnsstoffEndra