Tonnes er ei bygd i Lurøy kommune i Nordland. Her bur litt under 100 innbyggjarar. Her finst dør- og vindaugsfabrikken Tonnes Snekkeri AS, restauranten Oscarbrygga, Tonnes Skipsekspedisjon, sonekontor for Rødøy-Lurøy kraftverk, gjestehamn og hamn for snøggbåt. Tonnes er ein av anløpsstadene til Nordlandsekspressen som pendlar mellom Bodø og Sandnessjøen. Torghatten Nord driv òg ei rute frå Tonnes og Vågaholmen ut til Myken. Det er korrespondanse mellom Nordlandsekspressen og denne. Ungane frå Tonnes går på Konsvik skole i Konsvikosen.

Tonnes
stad
Utsikt over Breivika i Tonnes.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Lurøy
Postnummer 8750 TONNES
Preposisjon i Tonnes
Kart
Tonnes
66°30′50″N 13°00′54″E / 66.513888888889°N 13.015°E / 66.513888888889; 13.015

Av attraksjonar finst ei 180 meter lang grotte som heiter Tonnesgrotta ikkje langt frå Tonnes. Polarsirkelen går ikkje langt frå bygda, og er markert ved ein globe, Polarsirkelgloben, plassert på øya Vikingen rett utanfor Tonnes.

Kjelder endre