Tony McManus (fødd i 1965) er ein skotsk gitarist frå Paisley som spelar akustisk gitar med fingerspel. Melodiane hans er frå keltisk musikk, klassisk musikk og andre sjangrar.[1] McManus utvandra frå Skottland til Canada i 2003.[1]

Tony McManus
Fødd1965 (59 år)
FødestadPaisley
OpphavStorbritannia
Instrumentgitar
Verka somgitarist

Musikalsk karriere

endre

I 1988 erstatta McManus gitaristen Soig Siberil i supergruppa Celtic Fiddle Festival, som bestod av felespelarane Johnny Cunningham, Kevin Burke og Christian Lemaitre. Han har spelt akkompagnement for Catriona MacDonald og for songaren, gitaristen og felespelaren Brian McNeill. McManus sitt album Return to Kintail var eit duett med den skotske felespelaren Alasdair Fraser.[2]

I tillegg til tradisjonell keltisk musikk spelar McManus klassisk musikk og andre sjangrar. Han framførte eit stykke av Erik Satie for lydsporet til ein film av Neil Jordan.[1] Mandolinisten Mike Marshall fekk han til å læra seg Bach sitt preludium i E-dur.[1] Han spelte ein chaconne av J.S. Bach ved Metropolitan Museum of Art i New York City med jazzfusion-gitaristen John McLaughlin.[1]

Han gav ut sitt fyrste album, Tony McManus, i 1996 på Greentrax Recordings. Han spelte inn det andre albumet sitt, Pourquoi Quebec?, i Quebec i Canada og gav ut det ut på same merke i 1998. Det tredje albumet hans, Ceol More, kom ut i 2002 og fekk ei rekkje gode meldingar.

Albumet har ein versjon av «Goodbye Porkpie Hat» av Charles Mingus.[3] Han spelte inn eit album med bassisten Alain Genty, med tittelen Singing Sands, som kom ut i 2005.[4]

I 2017 blei McManus lista opp som ein av «50 Transcendent Acoustic Guitarists» i bladet Guitar Player.[5]

Diskografi

endre
  • Tony McManus (Greentrax, 1996)[6]
  • Pourquoi Quebec? (Greentrax, 1998)[6]
  • Return to Kintail med Alasdair Fraser (Culburnie, 1999)[6]
  • Ceol More (Compass, 2002)[6]
  • Singing Sands with Alain Gentry (Compass, 2005)[6]
  • The Maker's Mark (Compass, 2008)[6]
  • Mysterious Boundaries (Compass, 2013)[6]
  • Round Trip med Beppe Gambetta (Borealis, 2015)[6]
  • Live In Concert med Julia Toaspern (Greentrax, 2019)[6]

Som gjest

endre
  • 1995 Stage by Stage, Iain MacKintosh/Brian McNeill[7]
  • 1995 This Feeling Inside, Mairi MacInnes[7]
  • 1996 Are You Willing?, Tabache
  • 1996 Inchcolm, William Jackson
  • 1996 No Gods, Brian McNeill
  • 1996 Rod Paterson Sings Burns, Rod Paterson
  • 1996 Scenes of Scotland, Isla St Clair[7]
  • 1997 Easter Snow: Irish Traditional Flute Music, Seamus Tansey[7]
  • 1998 Burns: Songs Vol. 4
  • 1998 Celtic Experience, William Jackson
  • 1998 Heepirumbo, Eilidh Shaw
  • 1998 Hourglass, Kate Rusby
  • 1998 Robert Burns: The Complete Songs, Vol. 5[7]
  • 1999 Celtic Moods Gardyne Chamber Ensemble
  • 1999 Last Orders, Liz Doherty
  • 1999 Spirit of Ireland, Gardyne Chamber Ensemble Guitar
  • 1999 Spirit of Scotland, Gardyne Chamber Ensemble Guitar
  • 2000 Alloway Tales, Ian Bruce
  • 2000 Auld Lang Syne: A Fine Selection of Popular Robert Burns Songs
  • 2000 Bold, Catriona MacDonald[7]
  • 2000 Connected, Gibb Todd[7]
  • 2000 Fine Flowers & Foolish Glances, Mick West
  • 2000 Green Yarrow, Aileen Carr
  • 2000 Northern Lights Live from the Lemon Tree
  • 2000 Robert Burns: The Complete Songs, Vol. 8[7]
  • 2000 Shore Street, Billy Ross[7]
  • 2000 Tryst, Iain MacInnes[7]
  • 2001 Notes from a Hebridean Island, William Jackson
  • 2001 Orosay, Mairi MacInnes
  • 2001 The Islay Ball, Gary West
  • 2004 Live: The Art of the Steel String Guitar, Men of Steel[7]
  • 2005 Live in Genova [DVD], Beppe Gambetta[7]
  • 2006 Reunion, Daniel Lapp[7]
  • 2007 Rosewood Castle, Robin Bullock[7]
  • 2009 Hymns and Hers, Oliver Schroer[7]
  • 2009 Robert Burns: The Complete Songs, Vol. 4[7]
  • 2009 Without Words, Doug Cox[7]
  • 2010 The Wind That Shakes the Barley, Loreena McKennitt[7]
  • 2011 Live at the Teatro della Corte: The First 10 Years, Beppe Gambetta[7]
  • 2013 Everything is Moving, Laura Smith[7]
  • 2017 Clyde's Water, Fiona Ross

Kjelder

endre