John McLaughlin
John McLaughlin (fødd 4. januar 1942) er ein engelsk gitarist, bandleiar og komponist. Han er ein pioner innan jazzfusion, og musikken hans nyttar element av jazz i lag med rock, verdsmusikk, indisk klassisk musikk, vestleg klassisk musikk, flamenco og blues. Etter å ha spelt med fleire viktige, britiske grupper tidleg i 1960-åra, gav McLaughlin ut Extrapolation, det første albumet hans som bandleiar, i 1969. Han flytta så til USA, der han spelte i gruppa til Tony Williams, Lifetime og så med Miles Davis på dei elektriske jazzfusion-albuma hans, In a Silent Way, Bitches Brew, Jack Johnson og On the Corner. I 1970-åra spelte Mahavishnu Orchestra ein teknisk virtuos og kompleks stil som blanda elektrisk jazz og rock med indisk musikk.
John McLaughlin | |||
John McLaughlin på scenen med Chick Corea under 75-årsdagen hans på Blue Note Jazz Club i New York City 10. desember 2016 | |||
Fødd | 4. januar 1942 (82 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Doncaster i West Riding of Yorkshire i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1963 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Sambuar med | Katia Labèque | ||
Prisar | Frankfurter Musikpreis |
Soloen til McLaughlin på «Miles Beyond» frå albumet hans Live at Ronnie Scott's vann i 2018 Grammyprisen for beste improviserte jazzsolo.[1] Han har fleire gonger vunne prisen som årets gitarist og beste jazzgitarist i magasin som DownBeat og Guitar Player basert på lesarstemmer. I 2003 vart han rangert på 49. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2] I 2009 hadde DownBeat McLaughlin med på ei urangert liste over dei 75 beste gitaristane gjennom tidene, i kategorien «moderne jazzmaestroar».[3] I 2012 rangerte Guitar World han på 63. plassen på si topp 100-liste.[4] I 2010 kalla Jeff Beck McLaughlin «den beste gitaristen i live»[5] og Pat Metheny har òg skildra han som den beste gitaristen i verda.[6] I 2017 fekk McLaughlin ein æresdoktorgrad i musikk ved Berklee College of Music.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John McLaughlin» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «2018 GRAMMY Awards: Complete Winners List». Grammy.com. 29. januar 2018. Henta 12. juli 2021.
- ↑ «Rolling Stone 100 Greatest Guitarists of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. juni 2008. Henta 12. juli 2021.
- ↑ «75 Great Guitarists» (PDF). Down Beat. February 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 27. januar 2018. Henta 12. juli 2021.
- ↑ «Top 100 Greatest Guitarists of All Time». Gitar World. Arkivert frå originalen 22. mai 2016. Henta 12. juli 2021.
- ↑ Uncut magazine, March 2010. Interview with Jeff Beck.
- ↑ Smyers, Darryl (29. november 2010). «Q&A: John McLaughlin Talks Miles Davis, Indian Philosophy and Frank Zappa's Jealousy». Dallasobserver.com. Henta 12. juli 2021.
- ↑ Micucci, Matt (6. august 2017). «John McLaughlin awarded Berklee honorary degree». JAZZIZ Magazine (på engelsk). Henta 12. juli 2021.