Richard Anthony «Tony» Newman (fødd 17. mars 1943 i Southampton i Hampshire) er ein engelsk trommeslagar. Han har spelt i banda Sounds Incorporated, May Blitz, Three Man Army og T. Rex, Boxer og har i tillegg arbeidd med Jeff Beck, David Bowie,[1] Donovan, Mick Ronson, Gene Vincent, Crystal Gayle og Smashers.

Tony Newman
Fødd17. mars 1943 (81 år)
FødestadSouthampton
OpphavStorbritannia
Sjangerrock
InstrumentTrommer
Verka sommusikar

Han spelte på Donovan sin «Barabajagal» (1968),[2] samt Jeff Beck-albumet Beck-Ola (1969). For David Bowie spelte han på albumet Diamond Dogs i 1974 og den påfølgjande nordamerikanske turneen hans, inkludert ei innspeling i Tower Philadelphia gjeven ut som David Live.[1] Newman var ein av trommeslagarane som spelte på filmmusikken til The Who-filmen Tommy.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 263. CN 5585. 
  2. Donovan, Troubadour: The Definitive Collection, 1964-1976, Epic Legacy CD 46986: Liner notes.