Beck-Ola
Studioalbum av The Jeff Beck Group
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1969
Innspelt 3–19. april 1969
Studio De Lane Lea Studios, Abbey Road Studios og Trident Studios i London; Mirasound Studios i New York City[1]
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock, hardrock
Lengd 30:29
Selskap EMI Columbia (Storbritannia)
Epic Records (USA)
Produsent Mickie Most
The Jeff Beck Group-kronologi 
Truth
(1968)
Beck-Ola Rough and Ready
(1971)


Beck-Ola er det andre studioalbumet til Jeff Beck, gjeve ut i 1969 i StorbritanniaColumbia Records og i USAEpic Records. Albumet nådde 15. plassen på Billboard 200 og 39. plassen på den britiske albumlista.[2] Albumet er eit ordspel på namnet til jukeboksselskapet Rock-Ola.

Bakgrunn og innhald endre

Etter utgjevinga av det førre albumet, Truth, vart trommeslagaren Micky Waller mot slutten av 1968 erstatta av Tony Newman sidan Jeff Beck ønskte å gå i ei tyngre retning og han rekna Waller som meir ein trommis med finesse innan ein Motown-liknande til.[3] Pianisten Nicky Hopkins, som òg hadde spelt på Truth, vart spurt om å bli med i bandet som fulltidsmedlem.

Innspelinga av albumet fann stad over seks dagar i april 1969.[4] Dei spelte inn to songar av Elvis Presley, «All Shook Up» og «Jailhouse Rock», i tillegg til «Girl from Mill Valley», ein instrumental av og med Hopkins. Dei andre fire songane var originalar, og instrumentalen «Rice Pudding» avslutta albumet og var kraftig korta ned. Plateomslaget består av ein reproduksjon av den belgiske surrealistiske kunstnaren René Magritte sitt The Listening Room. På baksida av det originale plateomslaget, ved sidan av «Beck-Ola», står det skrive «Cosa Nostra», italiensk for «vår greie».

Etter innspelinga av dette albumet turnerte The Jeff Beck Group i USA. Dei var meint å spele Woodstockfestivalen og stod på plakatane som marknadsførte hendinga, men på grunn av intern krangling i bandet og både Ronnie Wood og Rod Stewart ute av bandet, vart det ikkje slik.[5] Stewart og Wood vart med i Faces i 1969, medan Hopkins spelte på Woodstock med Jefferson Airplane, og vart med i Quicksilver Messenger Service. Seinre turnerte han verda over med The Rolling Stones i 1971, 1972 og 1973. Beck var sjølv ute ei lengre tid frå desember det året på grunn av ei bilulukke.

Mottaking og ettermæle endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [6]
Rolling Stone(positiv) [7]
The Rolling Stone Album Guide     [8]
The Village VoiceC–[9]

I ei melding i The Village Voice då albumet kom ut, var kritikaren Robert Christgau lite imponert av albumet og sa spøkefullt at Stewart og Beck hadde oppfordra til den overdrivne spelinga til Hopkins.[9]

Den 10. oktober 2006 gav Legacy Recordings ut ei nymastra utgåve av albumet med fire bonusspor, som ingen var gjevne ut før. Dette omfattar to tidlege forsøk av dei to Presley-songane, ein frå Abbey Road Studios i januar, og ein jam på «Sweet Little Angel» av B.B. King frå november året før med Waller i bandet, og ein song meint som singel av produsenten Mickie Most som aldri kom ut.[4]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«All Shook Up»Otis Blackwell, Elvis Presley4:50
2.«Spanish Boots»Ronnie Wood, Jeff Beck, Rod Stewart3:34
3.«Girl from Mill Valley»Nicky Hopkins3:45
4.«Jailhouse Rock»Jerry Leiber og Mike Stoller3:14
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Plynth (Water Down the Drain)»Hopkins, Wood, Stewart3:05
2.«The Hangman's Knee»Tony Newman, Beck, Hopkins, Stewart, Wood4:47
3.«Rice Pudding»Hopkins, Wood, Beck, Newman7:22

Bonusspor på 2004-utgåva endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«Sweet Little Angel»B.B. King7:57
9.«Throw Down a Line»Hank Marvin2:54
10.«All Shook Up» (tidleg versjon)Blackwell, Presley3:18
11.«Jailhouse Rock» (tidleg versjon)Leiber, Stoller3:11

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Kjelder endre

  1. https://www.discogs.com/The-Jeff-Beck-Group-Beck-Ola/release/8778362
  2. UK Chart Stats retrieved 4. juli 2018 Arkivert 23. juli 2012 ved Archive.is
  3. Charles Shaar Murray. Beck-Ola, 2006 reissue, Legacy Recordings 82876 77351 2, liner notes.
  4. 4,0 4,1 Murray, Beck-Ola reissue liner notes.
  5. John Gray. Rod Stewart: The Visual Documentary. London: Omnibus Press, 1992, ISBN 0-7119-2906-8, p. 22.
  6. AllMusic review
  7. Gerson, Ben (9. august 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (39): 36. Arkivert frå originalen 2. juni 2017. Henta 4. juli 2018. 
  8. Rolling Stone review, arkivert frå originalen 10. mai 2014, henta 4. juli 2018 
  9. 9,0 9,1 Christgau, Robert (15. januar 1970). «Consumer Guide (6)». The Village Voice (New York). Henta 4. juli 2018.