Tony Peluso
Tony Peluso (28. mars 1950–5. juni 2010) var ein USA-amerikansk gitarist og plateprodusent. Han var sologitarist for popduoen Carpenters frå 1972 til 1983.
Tony Peluso | |||
Fødd | 28. mars 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Død | 5. juni 2010 (60 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles, California, USA | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | Carpenters, The Abstracts | ||
Verka som | gitarist, plateprodusent, vokalist |
Peluso er kanskje mest kjend for fuzzgitarsoloen på Carpenters-songen «Goodbye to Love», og som DJ-etterlkining i opninga av «Calling Occupants of Interplanetary Craft».
Peluso arbeidde ei stund med Bobby Sherman og Paul Revere & the Raiders[1] as i tillegg til bandet Instant Joy for Mark Lindsay før han arbeidde med Carpenters.[2]
Etter Karen Carpenter døydde i 1983, vart Peluso plateprodusent. Han arbeidde det neste tiåret for Motown Records med artistar som Smokey Robinson, The Temptations, the Four Tops og Michael Jackson.[3]
Peluso var produsent og/eller lydteknikar for artistar som Kenny Loggins, Seals and Crofts, Apollonia Kotero, Player, Animotion, Stephanie Mills, The Triplets, Bloc, The Fixx, Dave Koz og Boyz II Men.[3]
Peluso vann fire Grammy-prisar gjennom karrieren sin og har delteke på plateinnspelingar som har selt i alt 150 millionar eksemplar.
Han døydde 60 år gammal i Los Angeles den 5. juni 2010 frå ein hjartesjukdom.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tony Peluso» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Carpenters' Lead gitarist Tony Peluso Dead At 60». rttnews.com. 11 June 2010. Henta 4. februar 2015.
- ↑ «A Song for You». richardandkarencarpenter.com. 4 June 2008. Henta 4. februar 2015.
- ↑ 3,0 3,1 Dore, Shalini (14 June 2010). «Carpenters' sologitarist dies». variety.com. Henta 4. februar 2015.