Too Hot to Handle

Too Hot to Handle er ei dokusåpe produsert av det britiske TV-produksjonsselskapet Talkback. Serien er skapt av Laura Gibson og Charlie Bennett, og består av åtte episodar som alle vart utgjevne på Netflix den 17. april 2020. Verten for programmet er den virtuelle assistenten «Lana», som gjev deltakarane reglane dei må følgje. Føresetnaden for programmet er å lære unge, single menneske å forme genuine relasjonar i staden for deira sedvanlege flørting. Dersom deltakarane i serien tek del i noka form for seksuell aktivitet i løpet av tilbaketrekkinga, blir premiepotten, som startar på 100 000 US-dollar, redusert.

Too Hot to Handle

Typefjernsynsprogram
Sjangerdokusåpe, sjekkeprogram
OpphavslandStorbritannia
Sesongar1
Episodar8
Lengd36–43 min.
SpråkEngelsk
KanalNetflix
Biletformat16:9

På finalekvelden vart deltakarane Bryce Hirschberg, Chloe Veitch, David Birtwistle, Francesca Farago, Harry Jowsey, Kelz Dyke, Lydia Clyma, Nicole O'Brien, Rhonda Paul og Sharron Townsend erklært som vinnarar av Too Hot to Handle, og delte dei 75 000 US-dollar som var att av potten mellom seg.

Deltakarar endre

Deltakarane i serien vart avslørte på Entertainment Tonight den 10. april 2020.[1]

Deltakar Alder Bustad Kom inn Gjekk ut Status Ref
  Bryce Hirschberg 29 Venice i California Episode 3 Episode 8 Vinnar [1][2]
  Chloe Veitch 21 Essex i England Episode 1 Episode 8 Vinnar
  David Birtwistle 28 London i England Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Francesca Farago 26 Vancouver i British Columbia Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Harry Jowsey 21 Brisbane i Queensland Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Kelechi «Kelz» Dyke 27 London Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Lydia Clyma 22 Portsmouth i Hampshire Episode 6 Episode 8 Vinnar
  Nicole O'Brien 23 County Cork Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Rhonda Paul 27 Atlanta i Georgia Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Sharron Townsend 25 Camden i New Jersey Episode 1 Episode 8 Vinnar
  Kori Sampson 22 Plymouth Episode 6 Episode 8 Eliminert
  Madison Wyborny 20 California Episode 6 Episode 8 Eliminert
  Matthew Smith 29 Highlands Ranch i Colorado Episode 1 Episode 6 Gjekk ut
  Haley Cureton 22 Jacksonville i Florida Episode 1 Episode 6 Eliminert

Kjelder endre

  • 1,0 1,1 Murphy, Desiree (10. april 2020). «'Too Hot to Handle': Meet the Cast of Your Next Netflix Quarantine Obsession». etonline.com. Entertainment Tonight. Henta 10. april 2020. 
  • Nicolaou, Elena (16. april 2020). «Here Are the Too Hot to Handle Cast Members' Instagram Handles and Bios». oprahmag.com. The Oprah Magazine. Henta 17. april 2020. 
  • Bakgrunnsstoff endre