Too Much Blood
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Undercover
Utgjeve Desember 1984[1]
Innspelt November–desember 1982, august 1983
Sjanger Rock, post-disco, new wave, hip hop
Lengd 6:14 (albumm); 12:33 (dance-versjon)
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins og Chris Kimsey
The Rolling Stones-kronologi 
She Was Hot
(1983)
Too Much Blood Harlem Shuffle
(1986)


«Too Much Blood» er ein song av The Rolling Stones frå 1983 på albumet deira Undercover.

Songen vart kreditert til Mick Jagger og Keith Richards, men er i hovudsak skriven av Jagger. Songen reflekterer dei mange inspirasjonskjeldene til the Stones i midten av 1980-åra. Jagger fortalte «Eg hadde tunge tankar ein kveld eg kom til studio. Det var berre Charlie [Watts] og Bill [Wyman]. Og ein av hjelparane våre, Jim Barber, han spelte gitar på han òg. Og eg berre byrja å spele dette riffet som eg hadde, med dette midtpartiet. Eg hadde ikkje noko tekst, og berre byrja å sei dessse ora, som er det du høyrer på songen.» Jim Barber sa «Mick bad meg om eg kunne gjere ein 'Andy Summers' på songen»[2]

Sjølve songen omhandlar den aukande valden ein kunne sjå i media på denne tida og saka til Issei Sagawa, ein japanar som tok livet av kjærasten sin i Frankrike.[2]

Innspelinga fann stad i Paris i Pathé Marconi Studios og Hit Factory i New York City mellom november og desember 1982, og den siste biten vart gjort i august 1983. Jagger spelar elektrisk gitar og syng, og har med seg Barber og Wood på gitar. Chops spelte blåsarar og Sly Dunbar perkusjon.

Ein dance-versjon av «Too Much Blood» vart miksa av Arthur Baker, og kom ut på 12"-singel i desember 1984. Det vart òg laga ein musikkvideo, regissert av Julien Temple, der ein kan sjå bandet spele songen, blanda med klipp av Richards og gitaristen Ron Wood som jagar Jagger med ei motorsag. Eit bilete frå videoen er nytta som omslag for singelen.

Kjelder endre

  1. «The Rolling Stones – Too Much Blood (US 12″)». Burning the Ground. Arkivert frå originalen 30. juli 2017. Henta 29. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Too Much Blood». Time Is On Our Side. Henta 29. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff endre