Lowell «Sly» Fillmore Dunbar (fødd 10. mai 1952)[1] er ein trommeslagar, mest kjend som eine halvparten i den jamaicanske rytmeseksjonen og reggaeproduksjonsduoen Sly and Robbie.

Sly Dunbar

Sly på turné med Peter Tosh i 1979
Fødd10. mai 1952 (71 år)
FødestadKingston på Jamaica
FødenamnLowell Fillmore Dunbar
AliasSly Dunbar
OpphavJamaica
Aktiv1967–
SjangerReggae
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarSly and Robbie
Verka sommusikkprodusent, trommeslagar, låtskrivar, reggaemusiker

Biografi endre

Dunbar byrja å spele som 15-åring i bandet The Yardbrooms. Den første innspelinga han deltok på var på Dave and Ansell Collins-albumet Double Barrel. Dunbar vart med i eit band med Ansell Collins kalla Skin, Flesh and Bones.[1]

I 1972 møtte Dunbar Robbie Shakespeare og dei vart vener. Shakespeare var då bassgitarist for The Hippy Boys. Shakespeare føreslo Dunbar for Bunny Lee som ein mogeleg trommeslagar for The Aggrovators. Dunbar og Shakespeare fortsette å spele saman. Dei arbeidde med Peter Tosh og bandet hans fram til 1981, og spelte på fem album.[1]

Dunbar og Shakespeare skipa plateselskapet Taxi Records i 1980. Her gav dei ut plater med mange internasjonale artistar, som Black Uhuru, Chaka Demus and Pliers, Ini Kamoze, Beenie Man og Red Dragon.[1]

Dunbar spelte i The Aggrovators for Bunny Lee, The Upsetters for Lee Perry, The Revolutionaries for Joseph Hoo Kim og spelte i lag med Barry O'Hare i 1990-åra.[1]

Dunbar spelte trommer på fleire kjende innspelingar produserte av Lee Perry inkludert «Night Doctor», Junior Murvin sin «Police and Thieves» og Bob Marley sin «Punky Reggae Party».[2]

Sly and Robbie selte òg på Bob Dylan-albuma Infidels og Empire Burlesque. Andre artistar dei spelte for var mellom andre Grace Jones (tre album), Herbie Hancock, Joe Cocker, Serge Gainsbourg og The Rolling Stones.[1]

I 1979 sa Brian Eno om Sly Dunbar: «Når du kjøper ei reggaeplate, er det 90 % sjanse for at Sly Dunbar speler tromer. Du får inntrykk av at Dunbar var lenkja til ein stol i studio på Jamaica ein stad, men i røynda er det trommestilen hans som er så interessant, at stilen vert nytta om att og om att.»[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Biography by Craig Harris». Allmusic.com. Henta 3. desember 2018. 
  2. «The Usual Suspects Part III: Sly Dunbar interviewed by Dermot Hussey». Henta 3. desember 2018. 
  3. «Downbeat – PRO SESSION – The Studio As Compositional Tool». Music.hyperreal.org. Henta 3. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sly Dunbar