Opna hovudmenyen

Ronnie Wood

britisk musikar
(Omdirigert frå Ron Wood)

Ronald David «Ronnie» Wood (fødd 1. juni 1947 i Hillingdon i London) er ein engelsk rockegitarist og bassist som er mest kjend som ein av medlemmene i The Rolling Stones og Faces.

Ronnie Wood
Ronwood.jpg
Fødd1. juni 1947
Hillingdon, London i England
FødestadLondon
FødenamnRonald David Wood
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 - til i dag
SjangerR&B, rock & roll, blues, rock
InstrumentGitar, bass, pedal steel, lap steel, munnspel, saksofon, trommer, vokal
Kjende instrumentZemaitis
ESP Ron Wood signaturmodell
Duesenberg signaturmodell
Versoul-gitarar
Tilknytte artistarThe Birds, Faces, The Rolling Stones, The New Barbarians
PlateselskapWarner Bros.
Verka somMusikar, låtskrivar og plateprodusent
Sambuar medEkaterina Ivanova
BornLeah Wood, Jesse Wood

På 60-talet spelte Wood både i The Birds, The Creation og The Jeff Beck Group (som bassist). Saman med Rod Stewart, som var vokalist i sistnemnde band, vart han med i The Small Faces i 1969. Gruppa skifta same år namn til The Faces, og hadde forholdsvis stor suksess fram til bandet vart oppløyst i 1975. Då hadde Wood alt starta å spele med The Rolling Stones etter at Mick Taylor hadde forlate bandet i 1974. I The Rolling Stones har han etter kvart utvikla eit særs godt samspel med Keith Richards.

Som låtskrivar har Wood heilt klart kome i skuggen av Mick Jagger og Keith Richards i The Rolling Stones. Han har riktig nok vorte tilskriven som låtskrivar saman med «The Glimmer Twins» på nokre få songar, men det skjedde på 80-talet, då Stones knapt kan seiast å ha vore på sitt beste.

Sjølv om Wood er best kjend som gitarist i the Stones, har han òg gjeve ut fleire soloalbum, utan at nokre av dei har vorte suksessar. Best kjend av dei eigne songane hans er nok «Seven Days» frå albumet Gimme Some Neck (1979) – ein song han fekk av Bob Dylan. Han har òg gjeve ut det reine instrumentalalbumet Mahoney's Last Stand (1976) saman med bassisten i The Faces, Ronnie Lane.

Innhaldsliste

AlbumEndra

Med The BirdsEndra

  • These Birds Are Dangerous (1966)

Med The Jeff Beck GroupEndra

Med The FacesEndra

  • First Step (1970)
  • Long Player (1971)
  • A Nod Is as Good as a Wink...To a Blind Horse (1971)
  • Ooh La La (1973)
  • Coast to Coast: Overture and Beginners (Live) (1974)
  • Snakes And Ladders: The Best of Faces (1976)
  • The Best of the Faces: Good Boys... When They're Asleep (1999)
  • Five Guys Walk into a Bar... (2004)

Med Ronnie LaneEndra

  • Mahoney's Last Stand (1976)

SoloalbumEndra

Med The Rolling StonesEndra

Sjå diskografien til The Rolling Stones frå 1976 og framover (frå og med Black and Blue).

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra