Tor Jacobsen

norsk journalist (1930–2021)

Tor Jacobsen (fødd 14. desember 1930 i Mo i Rana)[1] er ein norsk forfattar og journalist, lenge tilsett i Rana Blad, der han starta som lærling (1948), og dessutan journalist i NRK der han bygde opp Helgelands-radioen.

Tor Jacobsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1930
Mo i Rana
Død

21. november 2021 (90 år)
Mo i Rana

Yrke journalist, faglitterær forfattar, biograf

Jacobsen starta i 1990 eige forlag, Arctic Books, der han har gjeve ut fleire bøker om «Hotell-Per» sentrert rundt oppvekststaden Toraneset og Båsmoen gruver i Mo i Rana. Han har vore med i styret i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, og byrja skrive for Rana Blad att i 2008.[2]

Utgjevingar

endre
  • Karl Johan av Svartisen, biografi om Karl Johan Westermark, Svartiskongen (Gyldendal, 1978) og fjernsynsprogram.
  • Ishavskvinne om overvintraren Helfrid Nøis (1979)
  • Gull-Tom, om kombinertløparen Tom Sandberg (1984)
  • Crux kaller London (1985)
  • Slaveanlegget, om krigsfangane si bygging av Nordlandsbanen (1987)
  • Smeltedigelen, historien om jernverksbyen, om Mo i Rana (1989)
  • Kald krig i nord (1990)
  • Hotell-Per, om born og oppvekst på 1930- og 1940-talet (1992)
  • Ke de Skaft? Om ranværingsdialekten (1993)
  • Hotell-Per og vennene hans (1994)
  • Ke løyle! Ranværingshistorier (1995)
  • Hotell-Per og Krigen (1999)
  • Fremad marsj! , Med Mo Hornmusikk gjennom 100 år, 1897-1997 (2000)
  • Fra sneppert til skalpell (2001)
  • 5. april 1943, (2002)
  • For fulle seil i 150 år, Meyers historie (2004)
  • Gammel-Per og Båsmogjengen (2006)
  • «Det må ikke stoppe opp», historia om Meyership (2006)
  • Streiftog i historien om Mo i Rana, (2009)
  • Hvem var skyldig? : sabotasjen på Bardufoss 1950, (2018)

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre
Referansar
  1. ««Tor Jacobsen»». forfatterkatalogen.no. Henta 22. april 2012. 
  2. Klaus Solbakken, Ringen er sluttet frå Rana Blad (29. februar 2008)