Tora Dahle Aagård

Tora Dahle Aagård (fødd 3. januar 1994) er ein norsk gitarist, songar og låtskrivar og er frontfigur i sitt eige band, TORA.

Tora Dahle Aagård

Fødd3. januar 1994 (30 år)
FødestadFlatanger
OpphavNoreg
Verka somgitarist

Bakgrunn endre

Aagård gjekk musikk, dans og drama-linja på Olav Duun vidaregåande skule i Namsos frå 2011 til 2013. I 2012 fekk ho hovudrolla i ein musikal ved namn Kongen av luftslott med nyskriven musikk av Åge Aleksandersen. I 2014 og 2015 spelte Aagård hovudrolla i musikalen Vinsjan på kaiaVerdal der musikken bestod av låtar frå D.D.E.[1]

Aagård har opptredd på Royal Albert Hall i London under The Norwegian Blues Adventure i november 2019 saman med blant andre Knut Reiersrud, Vidar Busk og Amund Maarud.[2][3]

TORA endre

Aagård er gitarist, vokalist og låtskrivar i bandet TORA som spelar bluesinspirert poprock. I 2019 slapp bandet sitt sjølvtitulerte debutalbum.[4] I 2020 blei det andre albumet, GIRLS, gjeve ut.[5]

For albumet GIRLS blei bandet nominert til Spellemannprisen 2020 i klassen blues.[6]

Kjelder endre

  1. «TORA: «Se her da. Det er faktisk mulig.»». ballade.no. 29. november 2018. Henta 9. april 2021. 
  2. «Norwegian Blues @ Royal Albert Hall, London». norwayrock.net (på norsk). 12. november 2019. Henta 9. september 2020. 
  3. «Success for Norwegian Blues in London: Video, Photos». jazzbluesnews.com (på engelsk). 14. november 2019. Henta 9. september 2020. 
  4. Rønning, Øyvind (17. februar 2019). «Anmeldelse: Tora - «Tora» - Trøndersk «girl power»». dagbladet.no (på norsk). Henta 9. september 2020. 
  5. https://youtube.com/watch?v=-uvA23iaxVU
  6. «Cezinando er nominert i fire kategoriar under Spellemannprisen 2020». nrk.no. 12. februar 2021. Henta 9. april 2021.