Torarin Skeggjason
Torarin Skeggjason (Norrønt: Þórarinn Skeggjason) var ein islandsk skald som levde på midten av 1000-talet.
I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde (1015-1066), men elles kjenner vi ikkje til noko om livet hans. Det er blitt drøfta om han kunne vere identisk med Torarin, bror til lovseiemannen og skalden Markus Skeggjason, slik det er nemnt i historieverket «Islendingaboka»[2].
Det einaste diktet som er bevart av Torarin Skeggjason, er eitt vers av ei dråpa[3] om Harald Hardråde.
Torarin sitt dikt omtalar hendinga då kongen i Grekenland (Grikklands stólþengill) vart blinda, og dette samsvarer òg med eit vers i diktet «Sexstefja»[4] av Tjodolv Arnorsson. Snorre utdjuper hendinga i soga om Harald Hardråde, der han opplyser at det var Harald som utførte udåden, men opplyser feilaktig at denne «kongen» var den bysantiske keisaren Konstantin Monomachos (1042-1054). I røynda var det føregjengaren hans, Mikael Kalafates[5] som vart blinda (han var keisar i tida 1041–1042). |
Referansar
endre- ↑ Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
- ↑ Íslendingabók av Ari Þorgilsson (Wikisource)
- ↑ Haraldsdråpa av Torarin Skeggjasson (Skaldic Project)
- ↑ Sexstefja av Tjodolv Arnorsson
- ↑ Michael V Calaphates Encyclopædia Britannica
Bakgrunnsstoff
endre- Finnur Jónsson (1910). Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie 1. København: G.E.C. Gads Forlag. s. 622.