Torbjørn Tandberg (fødd 1956) er ein norsk fotograf busett i Drammen.

Torbjørn Tandberg
Fødd 17. juni 1956
Yrke fotograf

Tandberg har bakgrunn frå Telenor, der han i mange år jobba med teknisk montasje. Han byrja med fotografering i 1978, og på 2000-talet har han hatt dette som leveveg. Bileta hans er publisert i ei rekkje tidsskrift og bøker.

Tandberg er ein av dei mest premierte konkurransefotografane i landet, og har mellom anna vorte prisa som «Årets fotograf» i Noreg tre gonger, i Sverige fire gonger. I ulike fototevlingar har han òg vunne mange reiser rundt i verda, blant anna til Nepal, USA, Frankrike, Thailand og India.[1] Han er knytt til biletbyrået Samfoto.

UtmerkingarEndra

  • 1988 Gull i Landskonkurransen i Norsk Selskap For Fotografi.
  • 1990 «Årets fotograf» i Noreg, Bladet Fotografi.
  • 1990 «Årets bilde», A-magasinet.
  • 1992 «Årets fotograf» i bladet Foto, Sverige.
  • 1993 Sølv i Landskonkurransen i Norsk Selskap For Fotografi.
  • 1994 «Årets fotograf» i bladet Foto, Sverige.
  • 1995 Gull i Landskonkurransen i Norsk Selskap For Fotografi.
  • 1995 Sølv i Landskonkurransen i Norsk Selskap For Fotografi.
  • 1995 «Årets fotograf» i Bladet Fotografi.
  • 1997 Sølv i Landskonkurransen i Norsk Selskap For Fotografi.
  • 1998 «Årets fotograf» i bladet Foto, Sverige.
  • 1999 Vinnar av Kodaks skandinaviske fotokonkurranse.
  • 2001 «Årets fotograf» i bladet Fotografi.
  • 2001 «Årets fotograf» i bladet Foto, Sverige.

ReferansarEndra

  1. Intervju med Torbjørn Tandberg i tidsskriftet Fotografi nr 5 2006

BakgrunnsstoffEndra