Torbjørnskjær fyrstasjon
Torbjørnskjær fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme utanfor Hvaler i Oslofjorden. I lag med Færder fyr markerer Torbjønskjær innseglinga til Oslofjorden og er samstundes eit grensefyr mot Sverige. Fyrstasjonen kom i drift i 1872 og vart avfolka og automatisert i 1990.
Torbjørnskjær fyrstasjon Foto: Vibeke Weibell Eliassen | |||
Fylke | Østfold | ||
---|---|---|---|
Kommune | Hvaler | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1872 | ||
Koordinatar | 58°59.7796′N 10°46.9021′E / 58.9963267°N 10.7817017°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 18 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Granitt | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Blink kvart 10. sek. | ||
Lyshøgd | 25,5 moh. | ||
Lysvidde | 10,4 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1990 | ||
Avfolka | 1990 | ||
Vernestatus | Fredet etter lov om kulturminner | ||
Torbjørnskjær fyrstasjon 58°59′46″N 10°46′57″E / 58.996°N 10.7825°E | |||
Fyret består av ein fyrbygning med eit tårn i gavlen. Fyrbygningen har arkitektonisk verdi med godt steinhoggararbeid. I tillegg finst ein assistentbustad, maskinhus, uthus, brønn og hage, i tillegg til naust og to landingar. Det er vanskeleg å kome i land på øya, så i dag vert det ofte nytta helikoptertransport for vedlikehald av fyret.
Det er både sel og sjøfugl i området og fyrstasjonen ligg i eit område som er verna som nasjonalpark.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Torbjørnskjær fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Torbjørnskjær fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren