Tore Fjørtoft (fødd 1973) er ein norsk advokat PhD ved Advokatfirmaet Schjødt. Han har tidlegare vore stipendiat ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo, der han skreiv ei samvirkerettsleg doktorgradsavhandling. Fjørtoft har publisert ei rekke artiklar i juridiske fagtidsskrift og forfatta juridiske bøker. I perioden 1999-2009 var han tilsett i Lovavdelinga i Justis- og politidepartementet. Han har lang røynsle med lovarbeid frå både departement og lovutval. Fjørtoft leia arbeidsgruppa som la fram Lovregulering av strømavtaler sluttet med forbrukere,[1] og han var sekretær for Samvirkelovutvalet som la fram Lov om samvirkeforetak.[2]

Tore Fjørtoft
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1973 (51 år)
Yrke advokat

Bøker

endre
  • Økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak (PhD-avhandling). Gyldendal 2014 (ISBN 9788205476653)
  • Samvirkeforetak - reglene om økonomiforhold, skatt og avgift. Gyldendal 2009 (ISBN 978-82-05-39818-4)

Fotnotar

endre
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre