Tore Gullen (fødd 11. juni 1949) er ein norsk tidlegare langrennsløpar og -trenar, frå Jevnaker i Oppland. Han vart noregsmeister to gongar, på 15 km i 1977 og på 30 km i 1981. Frå NM-tevlingar elles fekk han med seg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje. Hans fremste internasjonale prestasjon kom på 15-kilometeren i Holmenkollen i 1981, der han kom på delt tredjeplass med Gunde Svan. Pål Gunnar Mikkelsplass og Oddvar Brå kom på dei første plassane.

Tore Gullen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1949 (74 år)
Jevnaker
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1980

Besteplasseringar i internasjonale renn endre

  • 1977: Nr 7 på 30 km, Falun
  • 1978: Nr 12 på 15 km, Holmenkollen
  • 1979: Nr 7 på 30 km, Falun
  • 1980: Nr 5 på 15 km, Holmenkollen
  • 1981: Nr 3 på 15 km, Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Trenar endre

Seinare var Gullen trenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn, og deretter landslagstrenar for høvesvis Sveits og Sverige. Landslagstrenar i til saman sju år.

Kjelde endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar