Tore Ruud Hofstad

Tore Ruud Hofstad (fødd 9. august 1979) er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Hurdal som representerer Lillehammer Skiklub.

Tore Ruud Hofstad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1979 (44 år)
Eidsvoll kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2009

Under VM 2003 i Val di Fiemme var han med på det norske laget som tok gull på stafetten, og han fekk i tillegg sølvmedalje i jaktstarten.

I Oberstdorf to år seinare, under VM 2005, var han igjen med på å vinne gull på 4x10 km stafett. Han vann òg gull i sprintstafetten saman med makkeren Tor Arne Hetland. I tillegg fekk Hofstad ein individuell bronsemedalje på 15 km fristil.

Han tok den første individuelle verdscupsigeren sin 27. november 2005 i Kuusamo i Finland. I 2010 la han opp som skiløpar etter å ha vore mykje plaga med sjukdom og skadar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre