Tore Strømøy (fødd 19. februar 1960) er ein norsk journalist, programleiar, forfattar og tidlegere idrettsmann.

Tore Strømøy
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. februar 1960 (64 år)
Frøya kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, friidrettsutøvar, programleiar

Strømøy vart fødd i Frøya i Trøndelag. Han byrja arbeidet som journalist som vikar i Arbeider-Avisa i 1984 og i Adresseavisen i 1985. Året etter vart han tilsett i Hitra-Frøya der han med base på Frøya skulle ta opp konkurransen med Frøyavisa. Sommaren 1986 vart han ansett i NRK Trøndelag som radioreportar. I 1991 byrja han i NRK-fjernsynet.

Strømøy er mest kjend for tv-programmet Tore på sporet, men har og arbeida med TV-seriar på NRK som Go'fot på låven, Tett på og På loffen.

Han vart kåra til «Årets TV-navn» 1996, 1997 og 2000.

Strømøy har og gitt ut ei rad bøker. I 2008 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med barne- og ungdomsboka Isprinsessen (Gyldendal Norsk Forlag). Boka handlar om ein kvinneleg arkeologstudent som trur at ho har funne grava til Leiv Eriksson utanfor Munkholmen i Trondheimsfjorden. I handlinga til boka finn ho eit sverd, men vert så utsett for eit drapsforsøk. Det tok han nesten ti år å skrive denne boka.

Strømøy er i dag busett på Steinan i Trondheim.

TV endre

Litteratur endre

  • Tore Strømøy og Finn Karlsen: På sporet av deg selv. Håndbok i slektsforskning. N.W. Damm & Sønn AS 2006. ISBN 82-04-12391-4
  • 2001 Tore Strømøy : Wera, Flukten fra babij Jar (Gyldendal)
  • 2003 Tore Strømøy : På Sporet (Gyldendal)
  • 2004 Tore Strømøy : Liv Grete (Gyldendal)
  • 2008 Tore Strømøy : Isprinsessen (Gyldendal)
  • 1995-2009 Tore Strømøy m flere: Det gjelder livet (Trygghetsforlaget) 7 bind

Diskografi endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre