Opna hovudmenyen

Torgeir Knag Fylkesnes

norsk politikar

Torgeir Knag Fylkesnes (fødd 4. juni 1975) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV). Han er vaksen opp i Tromsø og er utdanna cand.philol. ved Universitetet i Tromsø, med filosofi (hovudfag), historie og sosialantropologi. Han har vore studentpolitikar for Sosialistisk Studentlag på Universitetet i Tromsø. Han var medlem av Tromsø kommunestyre 1999–2003 og leiar i Troms SV 2011–2012 og er medlem av sentralstyret i SV frå 2012. Frå 2019 er han nestleiar i SV.

Torgeir Knag Fylkesnes
Torgeir Knag Fylkesnes 02.jpg
Fødd 4. juni 1975

Tromsø

Parti Sosialistisk Venstreparti

Fylkesnes er gründer og medeigar i teknologi- og reklameselskapet ArcGiraff og har i tillegg arbeidd som rådgjevar i Sosialistisk Venstreparti 2002–2007 og forelesar i filosofi 2003–2008. Han var kommunikasjonsrådgjevar i Sykepleierforbundet 2007–2010 og kommunikasjonssjef i Teknologirådet 2010–2013.

Torgeir Knag Fylkesnes var vararepresentant til Stortinget 2001–2005. Sidan 2013 er han stortingsrepresentant for Troms, som førstekandidat for SV i fylket. Han sat først i Kyrkje- og utdanningskomiteen, men flytta i desember 2015 til Næringskomiteen. Frå 2017 er han første nestleiar i Næringskomiteen.

KjelderEndra