Torghatten ASA
norsk transportkonsern
Torghatten ASA (tidlegare Torghatten Trafikkselskap ASA er eit transportkonsern som driftar bussar, ferjer og snøggbåtar i store delar av landet, særleg i Trøndelag og Nord-Noreg. Selskapet vart skipa i 1878 og hadde ved utgangen av 2004 driftsinntekter på over 1,2 milliardar kroner og 2358 tilsette. Konsernsjef er Brynjar Forbergskog. Hovudkontoret ligg i Brønnøysund, og har teke namnet sitt etter det vidgjetne fjellet Torghatten som ligg i Brønnøy kommune.
Torghatten ASA | |
Org.form | Aksjeselskap |
---|---|
Org.nr. | 916819927 |
Bransje | Kollektivtransport, sjøfart, luftfart, transport |
Skipa | 1878 |
Forgjengar(ar) | Fosen Trafikklag |
Dotterselskap | Bastø Fosen AS, Torghatten Midt, Torghatten Nord, Connect Bus Nord, Connect Bus Norge, Connect Bus Trønderbilene, Connect Bus Sørlandsruta, Torghatten Trafikkselskap, Fosen Trafikklag |
Hovudkontor | Brønnøysund |
Land | Noreg |
Adm.dir. | Roger Granheim (2019) |
Nettstad | http://www.torghatten.no |
Dei største dotterselskapa til firmaet er Fosen Trafikklag, Bastø Fosen, FosenNamsos Sjø, Kystekspressen, Torghatten Trafikkselskap AS, TTS bil & dekksenter, Trønderbilene, Sørlandsruta, Norgesbuss (oppkjøpt i 2004) og Torghatten Nord AS (oppkjøpt frå Hurtigruten ASA i 2008.)
Kjelder endre
- Denne artikkelen er omsett frå «Torghatten ASA» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2010.