Torjus Værland

norsk politikar

Torjus Larsson Værland (23. november 18681954) var ein norsk gardbrukar, trelasthandlar og politikar frå Vegårshei. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1919 til 1933 og var sosialminister 1928-31.

Torjus Værland
Fødd 23. november 1868

Vegårshei

Død 1954
Parti Venstre
1. verv Norsk sosialminister
 - periode 15. februar 1928 –11. mai 1931
 - regjering Mowinckel II
 - føregangar Alfred Madsen
 - etterfylgjar Jakob N. Vik
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1919–1933
 - valkrins 1. Holt og Aust-Agder
3. verv Ordførar i Vegårshei
 - periode 1907–1919

Liv og gjerningEndra

Værland var frå garden Værland i Vegårshei. Han tok i 1887 over farsgarden og dreiv i tillegg sagbruk og trelastforretning i tida 1904-22. Frå 1900 til 1925 var han medlem av heradsstyret i Vegårshei, ordførar i perioden 1907 til 1919.

Ved stortingsvalet hausten 1918 vart Værland vald til å representere einmannskrinsen Holt på Stortinget. Han vart attvald i 1921 og ved fleire seinare val, men då frå valkrinsen Aust-Agder, ettersom ordninga med einmannskrinsar var avvikla. I perioden 1919-28 var han med i lønningskomitéen, nestformann 1919-24 og formann 1925-28.

Johan Ludwig Mowinckel danna si andre regjering 15. februar 1928 fekk Værland posten som sosialminister, ein posisjon han hadde til regjeringa gjekk av 11. mai 1931. Han var sidan, 1931-33, i si siste periode som stortingsrepresentant medlem i fullmaktskomitéen.

Same året som han forlet Stortinget fekk Værland plass i styret for Hypotekbanken, eit verv han hadde til 1942. Tidlegare, i 1926, var han formann i Komiteen om Statens pensjonskasse av 1926.

KjelderEndra