Torkjell
mannsnamn
Torkjell og Torkjel er mannsnamn som stammar frå det norrøne Þórkell, sett saman av namnet til guden Tor og ketell, 'kjele', i tydinga 'offerkjele' eller 'hjelm'. Dei er nærskylde med Torkel og liknande namn.
Torkjell har norsk namnedag den 12. november. I Noreg er det 195 menn som heiter Torkjell og 57 som heiter Torkjel (SSB 2008).
Kjende namneberarar
endre«Torkjell» blir ofte brukt for å visa til folk frå norrøn tid som eigentleg heitte Þórkell.
- Torkjell Høge (d. 1039), jomsviking og jarl
- Torkjell Olsson Villand (1719-1776), bygdehovding frå Hallingdal
- Torkjell Haugerud (1876-1954), norsk spelemann
- Torkjell Berulfsen (f. 1943), norsk forfattar og mediamann
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Torkjell hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Torkel» i Caplex og «Torkjell» i Store Norske Leksikon