Opna hovudmenyen
Veka

Måndag er dagen i sjudagersveka som kjem etter sundag og før tysdag. Dagen er kalla opp etter månen.

Innhaldsliste

Første eller andreEndra

Måndag blir rekna som den første dagen i veka i størstedelen av Europa, Afrika og Asia. På kinesisk heiter han xingqi yi, 'dag ein'. I nokre kulturar, som i jødedommen og islam, og i nokre land, mellom anna USA og Hellas, er han derimot rekna som den andre dagen i veka. På arabisk, hebraisk, gresk og portugisisk heiter dagen den andre dagen.

Ettersom sundag er helgedag i mange land, er måndagen i alle høve starten på arbeidsveka, og me har difor fått uttrykket blåmåndag om ein dag då ein, bokstaveleg eller metaforisk, vaknar opp og angrar over festinga ein har gjort.

Religiøs tilknytingEndra

Måndag hadde samband med guden Måne i norrøn gudetru.

I hinduismen er dagen, som heiter som-var ('månedagen') på sanskrit, særleg tileigna Sjiva, og det er vanleg å tilbe eller fasta for guden på måndagar. Det er vanlegare å fasta visse månader enn andre, og praksisen tek gjerne til i månaden sjravan.[1]

I kristendommen er heilage måndag del av den stille veka i påsken, medan andre påskedag er ein viktig dag i sjølve påskeveka.

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Måndag