Opna hovudmenyen
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Torulf Munnen (norrønt: Þórólfr munnr) er nemnt i Skaldatal[1] som ein av skaldane til Håkon Sigurdsson Jarl (den mektige).

Ein veit så godt som ingen ting om denne skalden. Finnur Jónsson gissar på at han er frå Island. Truleg er han den same skalden som i Skaldskaparmål[2] (Snorre Edda) blir kalla Þórólfr, eller Þórálfr, og som skal ha gjort dette kvadet:

Sagði hitt, es hugði,
Hliðskjalfar gramr sjǫlfum,
hlífar-styggs þars hǫggnir
Háreks liðar vôru.

Tydinga av diktet er usikker. Der blir omtala ein person med namn Hårek (Hárek) som er blitt nedhogd, men korkje hendinga eller namnet gir grunnlag for ei forståing av diktet.

Den mest truverdige tydinga av tilnamnet «munnen» er at det viser til ein personen som hadde ein stygg munn; han hadde kanskje eit skjemmande arr eller han var fødd med hareskår (munnr tyder munn).

Skaldatal nemner at ein av skaldane hjå kong Olav Haraldsson heitte Torfinn Munnen (Þórfinnr munnr), men det er ingen grunn til å tru at han var identisk med Torulf Munnen.

ReferansarEndra

  1. Skaldatal frå heimskringla.no
  2. Skaldskaparmål frå heimskringla.no, på norrønt

BakgrunnsstoffEndra

  • Den norsk-islandske skjaldedigtning v/Finnur Jónsson (red.), København 1912–15