Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Torfinn Munnen (Þorfinnr munnr, døydde 1030) var ein islandsk skald som levde på byrjinga av 1000-talet.

I Skaldatal er han ført opp som skald hos kong Olav den heilage.[1]

Det er særs lite ein veit om Torfinn, men i Heimskringla, i soga om Olav den heilage, er det sagt om han at han var med i hæren til kong Olav ved Stiklestad, der han fall.[2] I Flatøybok er det sagt at Torfinn hadde ein bror, Tord, som òg fall i slaget på Stiklestad.[3]

Skaldatal nemner at ein av skaldane hjå Håkon Sigurdsson Jarl (den mektige) heitte Torulf Munnen, men det er ingen grunn til å tru at han var identisk med Torfinn Munnen.

Kjende dikt av Torfinn Munnen: Lausaviser[4]

ReferansarEndra

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Snorres kongesoger red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993)- frå side 92
  3. Flatøyboka frå Digitalarkivet, tredje bind (side 244)
  4. Lausaviser to vers av Torfinn Munnen (Skaldic Project)

BakgrunnsstoffEndra