Torvald Haavardstad

Torvald Haavardstad (21. november 18939. mars 1965) var ein norsk lærar og politikar frå Evje i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i 1931-45 og 1950-53.

Torvald Haavardstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1893
Død

9. mars 1965 (71 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Liv og gjerning endre

Haavardstad var son til ein gardbrukar, lensmann i Evje. Etter å ha teke eksamen ved Kristiansand lærarakule i 1914, var han det neste året lærar i Kristiansand og Randaberg. Etter eit befalskurs i 1915/16 var han løytnant i nøytralitetsvernet 1916-18. Frå 1919 var han lærar, og seinare skulestyrar, i heimbygda Evje til 1961. Kyrkjesongar i Evje frå 1928 til 1956.

Frå 1923 til 1965 var Haavardstad medlem av del lokale heradsstyret. Han var ordførar i Evje frå 1929 til han var avsett av NS-styresmaktene i 1942, på ny ordførar 1945-49. Haavardstad byrja i 1960 på si tredje periode som ordførar i Evje. Då den nye kommunen Evje og Hornnes såg dagens lys frå 1962 var han ordførar i denne i ein fireårsperiode.

Ved stortingsvalet hausten 1930 vart Haavardstad vald inn på Stortinget frå nyår 1931, og vart attvald både i 1933 og 1936. Han kom tilbake på Tinget i perioden 1950-53, då han var medlem av Finanskomiteen. Visesekretær i Odelstinget 1937-45 og 1950-53. Haavardstad var medlem i kyrkjelovsnemnda frå 1938 og i tilsynsnemnda for Sørlandsbanen frå 1945.

Kjelder endre