Totland kyrkje
Totland kyrkje, tidlegare Totland kapell, står på Totland ved Bryggja i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1912.
Totland kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stad | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Nordfjord | ||
Sokn | Vågsøy | ||
Fellesråd | Stad | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Lars Sølvberg og Jens Sølvberg[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 8. august 1912[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 250[1] | ||
Totland kyrkje 61°55′57″N 5°23′17″E / 61.9324°N 5.3881°E | |||
Wikimedia Commons: Totland kirke |
Arkitektar for bygget, som har sitjeplassar til 250 personar, var Lars Sølvberg og Jens Sølvberg.[1] Kyrkja er dekorert innvendig med utskjeringar og rosemåling av Lars Kinsarvik.[1]
Frå starten til 1953 hadde gudshuset status som kapell i Rugsund sokn. Det året vart so Totland skild ut som eige sokn i Davik prestegjeld. I 1967 vart Totland sokn overført frå Davik til Vågsøy prestegjeld. Totland sokn vart nedlagd att i 2002, for då vart sokna i Vågsøy prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som heiter Vågsøy sokn.[1]
Før dei fekk kyrkje på Totland sokna folk på nordsida av Nordfjorden i Davik prestegjeld til Rugsund kyrkje.
Kjelder
endre- Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Totland kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021.
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Om Vågsøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Totland kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Vågsøy kommune på nettstaden disnorge.no
- Totland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Totland kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.