Totti Bergh
norsk jazzmusikar
Theodor Christian Frølich «Totti» Bergh (5. desember 1935–4. januar 2012) var ein norsk jazzsaksofonist frå Oslo.
Totti Bergh | |||
Fødd | 5. desember 1935 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 4. januar 2012 (76 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | saksofon, klarinett | ||
Plateselskap | Gemini Records | ||
Verka som | jazzmusikar, saksofonist, komponist | ||
Gift med | Laila Dalseth | ||
Prisar | Buddyprisen |
Biografi
endreTotti Bergh var bror til jazzjournalisten Johannes Bergh. Totti lærte fyrst å spela klarinett, men gjekk over til saksofon i 1952. Han har spelt i ulike grupper, m.a. banda til Einar Schanke, Rowland Greenberg, Kjell Karlsens storband, Per Borthens Swing Department Ltd, Christiania Jazzband, Christiania 12 og han spelte live på amerikabåten.
Totti Bergh vart gift med jazzvokalisten Laila Dalseth, og spelte også saman med henne frå 1979 i kvintettar og orkester. På plater har han også spelt med USA-amerikanske jazzmusikarar som Al Cohn, Plas Johnson og Harry Allen.
Diskografi
endre- Tenor madness (1986), med Al Cohn
- I hear a rhapsody (1988), med fleire musikarar.
- Major blues (1991), eigen kvintett i opptak frå Oslo Jazzfestival.
- On the trail (1993), med Plas Johnson
- Remember (1995)
- Warm valley (1996)
- Night bird (1998), med Harry Allen og George Masso
Utmerkingar
endre- 1994: Gammleng-prisen i klassen jazz
- 1995: Oslo bys kulturstipend
- 1997: Ella-prisen frå Oslo jazzfestival
- 1999: Buddyprisen
Kjelder
endre- Artikkelen er basert på Totti Bergh frå Bokmålswikipedia, henta inn 5. januar 2012.
- «Totti_Bergh» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 5. januar 2012.
- NRK Jazz, 04.01.12: Totti Bergh er død