Einar Schanke
Einar Leonard Schanke (19. mai 1927–23. februar 1992) var ein norsk musikar, komponist, kapellmeister, teatersjef og produsent, og kjend for å ha leidd dei viktigaste revyscenene i Oslo.
Einar Schanke | |||
Fødd | 19. mai 1927 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 23. februar 1992 (64 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Fødenamn | Einar Leonard Schanke | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | musikar, komponist, pianist, filmregissør, manusforfattar | ||
Prisar | riddar av St. Olavs Orden, Spellemannprisen i åpen klasse, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten |
Han innleia i studietida eit livslangt samarbeid med Bjørn Sand og Alfred Næss, og figurerte på jazz-scenene med eige orkester i åra 1955-59. I åra 1959-63 var han tilsett som kapellmeister på Det Norske Teatret, og som direktør i 1963-75. Han leia plateselskapet «Cat Music» frå 1964, overtok ABC-Teatret i 1967, og Chat Noir i 1975, og var forfattar for jazzprega revyklassikarar som Kjære lille Norge, Syng og vær glad og Nå går det rett på dunken. Schanke medverka som jazzmusikar på ei rekkje plateinnspelingar frå Oslo sitt jazzmiljø. Dei mest markante komposisjonane hans er samla på Einar Schanke's nevergreens (Cat Music, 1996), med opptak frå hans «Big Band» frå 1976.
Utmerkingar
endre- Spellemannprisen 1972 i open klasse.
- Leonardstatuetten (som har fått namn etter han) i 1977.