Tovdal kyrkje er ei langkyrkje i Åmli kommune i Agder fylke.

Tovdal kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Åmli
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Aust-Nedenes
Sokn Åmli
Fellesråd Åmli
Teknikk lafteverk
Material tre
Innvigd 4. mars 1827 (men bygd i 1820)
 - Endringar 1837, 1848, 1854, 1885, 1930–32, 1964, 1980
Klokker 1, 1682
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Frå 1600-talet
Altartavle Med kross måla av Kittel Kittelsen
Orgel 1961
Sitjeplassar 105[1]
Diverse Klokkarstol og skriftestol i koret. Tidlegare altarbilete (kopi e. «Oppstoda» av Adolph Tidemand) heng på korveggen.
Kart
Tovdal kyrkje
58°48′26″N 8°10′30″E / 58.80715556°N 8.17490278°E / 58.80715556; 8.17490278
Wikimedia Commons: Tovdal kirke

Kyrkja vart oppført i 1820, men det drøyde heilt til 1827 før ho vart innvigd. Kyrkja har skifta farge fleire gonger: 1837 vart ho malt raud, i 1854 kvit, i 1932 raud og i 1964 nok ein gong kvit. I 1930–32 var det ei større oppussing etter planar av Wilhelm Swensen. Då vart det gjort om ein god del på kyrkjerommet. Sakristiet er frå 1980.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. Kyrkjesøk, men kyrkjeleg fellesråd opererer med 130.