Tove Karoline Knutsen
norsk politikar
Tove Karoline Knutsen (fødd 14. januar 1951 i Torsken i Troms) er ein norsk kunstnar og politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms fylke i 2005 og gjenvald i 2009 og 2013. Knutsen var festspeldirektør for Festspillene i Nord-Norge i perioden 1997–2001.[1]
Tove Karoline Knutsen | |||
| |||
Fødd | 14. januar 1951 (73 år) Torsken | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, songar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Medlem | Open folkekyrkje | ||
Alle verv |
|
Stortingskomitear
endre- 2005–09 medlem av Familie- og kulturkomiteen
- 2009–13 medlem av Helse- og omsorgskomiteen
- 2013–17 medlem av Helse- og omsorgskomiteen
Musikkarriere
endreKnutsen har først og fremst utmerka seg som musikar og songar og som direktør for Festspela i Nord-Noreg frå 1997 til 2001. I 1980 gav ho ut albumet Blå Kveill, eit jazzinspirert visealbum med tekster av den nordnorske poeten Arvid Hanssen I 1984 gav ho ut albumet Veintetid, og vann Spellemannprisen 1984 for dette i klassen visesong.
Diskografi
endre- 1980 Blå Kveill
- 1984 Veintetid
- 1992 Tenn Lampa
- 1994 Lat spille med vår
Prisar og utmerkingar
endre- Prøysenprisen 1982
- Spellemannprisen 1984 for Veintetid i klassen visesong.
- Blixprisen 1985.
- Nordlysprisen 1992.
- Gammleng-prisen 1992 i klassen vise.
- Petter Dass-medaljen 2009 for hennar kulturelle engasjement, m.a. som direktør for Festspillene i Nord-Norge.
Kjelder
endre- ↑ Erling Steenstrup: Årets festspill i Nord-Norge ble en – 2. juli 2001, NRK.no