Opna hovudmenyen

Spellemannprisen 1984 vart delt ut Ibsenhuset i Skien våren 1985. Åge Aleksandersen vart Årets spellemann etter suksessen med albumet Levva livet!. Platedirektøren Totto Johannessen fekk heidringssprisen frå juryen, medan Jon Eberson og Sidsel Endresen fekk bransjeprisen som opphavsmenn for albumet City Vision. For fyrste gong vart det delt ut pris i klassen «roots & country» og denne prisen gjekk til Cato Sanden.

For fyrste gong fekk ikkje artistane vite kven som hadde vunne dei ulike sjangerklassene på førehand, slik praksisen hadde vore dei førre åra. Frå og med denne utdelinga måtte dei, i likskap med publikum, vente til prisutdelarane avdekte vinnarane.

VinnararEndra

Klasse Artist Tittel
Pop Lava Fire
Rock Can Can En lek i forhold
Folkemusikk/gammaldans Agnes Buen Garnås Draumkvedet
Jazz Laila Dalseth Daydreams
Roots & country Cato Sanden Cato Sanden
Klassisk musikk/samtidsmusikk Oslo Filharmoniske Orkester Tchaikovsky 5. symfoni
Visesong Tove Karoline Knutsen Veintetid
Open klasse Balkansemblet Balkan samlet
Barneplate Visvas Kompis med Albert Åberg
Årets spellemann Åge Aleksandersen Levva livet!
Spesialpris: heidringspris frå juryen Totto Johannessen
Bransjepris som opphavsmann Jon Eberson/Sidsel Endresen City Vision

KjelderEndra