Tróodos

Tróodos (gresk Τρόοδος, tyrkisk Trodos) er den største fjellkjedaKypros, og ligg midt på øya. Den høgaste toppen i Tróodos er Ólymbos på 1 952 meter.

Troodosfjella
Ein bekk i Tróodosfjella
Troodos6.jpg
Troodos15.jpg

Tróodos strekkjer seg langs det meste av vestsida av Kypros, og er eit område for turgåing mellom furuskog om sommaren og skigåing om vinteren. Det finst fleire feriestader i fjella, bysantinske kloster og kyrkjer på fjelltoppane, og fjellandsbyar i dalane. Det ligg ni kyrkjer i Tróodos som er på UNESCO si verdsarvliste. Det mest kjende klosteret er Kýkkosklosteret i Marathásadalen.

Området har vore kjend sidan antikken for gruvene sine, og i den bysantinske perioden vart det eit stort senter for bysantinsk kunst, då kyrkjene og klostera vart bygd i fjella, bort frå den truga kysten.

Nokre landsbyar i Tróodos er

Geografiske koordinatar

34°55′N 32°50′E

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tróodos