Tracy Bonham
Tracy Kristin Bonham (fødd 16. mars 1967) er ein USA-amerikansk alternativ rock-musikar. Ho var fødd og voks opp i Eugene i Oregon, og er ein klassisk opplært fiolinist og pianist, og ein sjølvlært gitarist.
Tracy Bonham | |||
Tracy Bonham i Webster Hall. | |||
Fødd | 16. mars 1967 (57 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Eugene i Oregon i USA | ||
Fødenamn | Tracy Kristin Bonham | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1994 | ||
Sjanger | |||
Instrument | |||
Plateselskap |
| ||
Verka som |
|
Etter å ha bygd opp ein lokal tilhengjarskare skreiv Bonham kontrakt med Island Records i 1995. Debutalbumet hennar, The Burdens of Being Upright (1996), var ein kritisk og kommersiell suksess og gav henne to Grammy-nominasjonar, i tillegg til å bli sertifisert gullplate av Recording Industry Association of America (RIAA) mindre enn eitt år etter utgivinga. Førstesingelen frå albumet, «Mother Mother», toppa Billboard Alternative Airplay-lista i juni 1996, som var første gongen for ein kvinneleg soloartist. Bonham vart den einaste personen som oppnådde denne bragda fram til Lorde i 2013. Forseinkingar plaga utgivinga av hennar andre album, Down Here (2000), som ikkje nådde hitlistene internasjonalt. Bonham skilde lag med Island eit år etter utgivinga av albumet, før ho vende merksemda mot å jobba med andre musikalske artistar, inkludert The Blue Man Group, som ho opptredde med på deira The Complex Rock Tour Live-turné og live-DVD i 2003.
I 2004 signerte Bonham med Rounder Records-selskapet Zoë Records, som ho gav ut sitt tredje album Blink the Brightest (2005) for. Ho har sidan jobba med ulike andre plateselskap og gitt ut tre album til, Masts of Manhatta (2010), Wax & Gold (2015) og Modern Burdens (2017), og det siste er ei nyinnspeling av The Burdens of Being Upright.
Diskografi
endreAlbums
endreTittel | Albumdetaljar | Listeplassering | Salstrofé | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US [1] |
US Heat. [2] |
AUS [3] |
NLD [3] |
NOR [3] |
NZ [3] |
SWE [3] | |||
The Burdens of Being Upright | 54 | 9 | 31 | 26 | 27 | 46 | 48 | ||
Down Here |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Blink the Brightest |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Masts of Manhatta |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Wax & Gold |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
Modern Burdens |
|
— | — | — | — | — | — | — | |
«—» syner til at innspelinga ikkje gjekk inn på lista eller ikkje vart gjeven ut i det området. |
EP-ar
endreTittel | Albumdetaljar |
---|---|
The Liverpool Sessions |
|
Bee |
|
Something Beautiful |
|
In The City/In The Woods |
|
All I Wish Every Christmas |
|
My Big Red Heart Beats for You |
|
Konsertalbum
endre- Pure McCartney (2013)
Singlar
endreTittel | År | Listeplassering | Salstrofé | Album | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
US Main. [8] |
US Mod. [1] |
US Radio [9] |
AUS [10] |
CAN [11] |
NOR [12] |
NLD [13] |
NZ [14] |
UK [15] | ||||
«Dandelion» | 1995 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | The Liverpool Sessions | |
«Sunshine» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||
«Mother Mother» | 1996 | 18 | 1 | 32 | 5 | 77 | 6 | 32 | 13 | 138 | The Burdens of Being Upright | |
«The One» | — | 23 | — | — | — | — | 92 | — | — | |||
«Sharks Can't Sleep» | — | — | — | — | — | — | — | — | 93 | |||
«Behind Every Good Woman» | 2000 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Down Here | |
«Something Beautiful» | 2005 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Blink the Brightest | |
«Shine» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||
«Eyes» | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |||
«Big Red Heart»[17] | 2010 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Masts of Manhatta | |
«Luck»[18] | 2015 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | Wax & Gold | |
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tracy Bonham» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Tracy Bonham Music News & Info | Billboard.com». Billboard. Arkivert frå originalen 17. oktober 2010. Henta 11. mars 2023.
- ↑ Anon. (27. april 1996). «Billboard's Heatseekers Albums Chart». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 108 (17): 18.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «norwegiancharts.com - Tracy Bonham - The Burdens Of Being Upright». norwegiancharts.com. Arkivert frå originalen 18. februar 2023. Henta 18. februar 2023.
- ↑ Borzillo, Carrie (11. mai 1996). «Island's Bonham Hits». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 108 (19): 1, 74. ISSN 0006-2510.
- ↑ «Gold & Platinum». RIAA (på engelsk). Henta 17. februar 2023.
- ↑ Tracy Bonham - In the City + In the Woods Album Reviews, Songs & More | AllMusic (på engelsk), henta 8. mars 2023
- ↑ All I Wish Every Christmas (på engelsk), 10. desember 2013, henta 8. mars 2023
- ↑ «Tracy Bonham Mainstream Rock Chart». Billboard. Arkivert frå originalen 17. november 2021. Henta 20. februar 2023.
- ↑ «Tracy Bonham Radio Songs Chart». Billboard. Arkivert frå originalen 17. november 2021. Henta 20. februar 2023.
- ↑ «australian-charts.com - Tracy Bonham - Mother Mother». australian-charts.com. Henta 20. februar 2023.
- ↑ «RPM 100». Library and Archives Canada. 116. mai 2023.
- ↑ «norwegiancharts.com - Tracy Bonham - Mother Mother». norwegiancharts.com. Henta 20. februar 2023.
- ↑ «Tracy Bonham - Mother Mother». dutchcharts.nl. Henta 20. februar 2023.
- ↑ «charts.org.nz - Tracy Bonham - Mother Mother». charts.nz. Henta 20. februar 2023.
- ↑ For «Mother Mother»: «Chart Log UK: Darren B - David Byrne». www.zobbel.de. Henta 20. februar 2023. For «Sharks Can't Sleep»: «TRACY BONHAM | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 20. februar 2023.
- ↑ «ARIA Top 50 Singles Chart». www.aria.com.au (på engelsk). Henta 20. februar 2023.
- ↑ «TRACY BONHAM – EYES (2006 PROMO CD)». eBay.com. 6. september 2011. Henta 13. august 2012.
- ↑ «Tracy Bonham – Luck». PlayMPE.com (Destiny Media Technologies). 25. august 2015. Henta 20. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Tracy Bonham ved The Internet Movie Database (IMDb)