Tranby kyrkje er ei langkyrkje frå 1855 i Lier kommune i Buskerud fylke.

Tranby kyrkje
kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Drammen
Sokn Tranby
Fellesråd Lier
Type Langkyrkje
Arkitekt Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno
Teknikk Mur
Material Naturstein og tegl
Innvigd 19. desember 1855
 - Endringar 1949–50
Tårn I vest
Kor Polygonalt avslutta
Klokker 2: 1681 og 1855 (Ole Olsen)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Av gjellebekkmarmor, frå 1800-talet
Altartavle Bilete måla av S. Aanonsen e. Adolph Tidemand (Jesu dåp, frå Trefoldighetskyrkja i Oslo)
Orgel August Nielsen, 1891 (rest. Brødrene Torkildsen 2006)
Sitjeplassar 360
Diverse Fire vindauge med glasmåleri av Rigmor Bové (1999)
Kart
Tranby kyrkje
59°48′38″N 10°15′26″E / 59.81051111°N 10.25713694°E / 59.81051111; 10.25713694
Wikimedia Commons: Tranby kirke

Det har vore kyrkje på Tranby sidan mellomalderen. Dagens kyrkje vart oppført få år etter at kommunen tok over gamlekyrkja i 1842. Kyrkja vart endra noko i 1949–50 etter planar av Ragnar Nilsen, og interiørfargane er frå 1950-åra.

Aust for kyrkja står eit gravkapell frå 1913 (restaurert 1967), og kyrkjegarden har enkelte gravminne tilbake til 1700-talet.

Litteratur endre

  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 542. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre