Trangviksposten
Trangviksposten er namnet på ein humoristisk og satirisk føljetong som gjekk i Aftenposten i åra mellom 1899 og 1929.
Trangviksposten er ei fiktiv lokalavis som kjem ut i det like fiktive Trangvik. I dette verket skapte forfattaren og journalisten Jacob Hilditch eit persongalleri og lokalsamfunn med avgrensa horisont og sjølvgode haldningar overfor omverda. Satiren og humoren i verket grip tak allmennmenneskelege svakheiter, og har derfor relevans langt utover lokalsamfunnet sine grenser. Halvdan Hydle har formulert det slik: «[Trangviksposten er] en parodi ikke bare på en småby, men på republikker og kongeriker.»
Jacob Hilditch heldt konsekvent på å vere anonym, og det var berre Bjørnstjerne Bjørnson og eit fåtal personar i presse- og forlagskretsar i Oslo som kjende til kven som stod bak føljetongen i Aftenposten. Etterkvart som Hilditch forstod at Trangvikposten vart verdsett og var godt omtykt, sørgde han for at episodane vart samla i bokform. Den sentrale figuren i Trangviksposten er redaktør Syvertsen. Han fører pennen i dette fiktive organet, og avslører seg som uskikka både som skribent og redaktør. Slik vert han ståande som eksponent for det meste av det Jacob Hilditch ville blottstille av sjølvgode haldningar, manglande samfunnsmoral, dumskap og generell vankunne. Jacob Hilditch seier sjølv dette om redaktøren: «En helt ut ansvarsløs figur. Et latterlig billede av en person som aldri burde få stelle med penn og blekk, endsi ha typer, sværte og trykkpapir til sin rådighet.» Andre sentrale figurar i Trangviksposten er Rheder Jørnsen, ekspeditør Erlandsen, politi Fladnes senior og junior, telegrafbestyrer Berg, fotograf Hårby, Bergthora og d'herrer brødr. Markussen.
Trangviksposten er rikt illustrert av fleire velkjende, norske teiknarar. Olaf Gulbransson var den som i samarbeid med Hilditch skapte dei sentrale figurane og illustrerte den første bokutgåva. Theodor Kittelsen og Øyvind Sørensen vidareførte Gulbransson sine figurar, men skapte òg eigne, men meir perifere figurar i Trangvik. Trangviksposten ligg føre i sju bind på ulike forlag som Gyldendal, Jacob Dybvad og Grøndahl og Søn. Bøkene vert rekna for å vere eit sentralt verk i norsk humoristisk og satirisk litteratur, og er i dag, i tillegg til bibliotek og antikvariat, også tilgjengelege digitalt frå Nasjonalbiblioteket.
Kjelder
endre- Rowe Hans: «Evig aktuelt fra Trangvik», Bergens Tidende, 3. april 1996.
- Schulerud Mentz: «Trangviksposten- den udødelige klassiker», føreord i Trangviksposten- i utvalg ved Mentz Schulerud, Den norske Bokklubben, 1980.
- Hydle Halvdan: «Jacob Hilditch og Trangviksposten», etterord i Trangviksposten- 5. samling, Jacob Dybwads Forlag, Oslo 1948.