Øyvind Sørensen

Øyvind Sørensen (fødd 1887 i Fredrikstad, død 1962) var ein norsk teiknar. Han blir rekna av fleire som Noregs første avisteiknar.

Øyvind Sørensen
61690 Øyvind Sørensen.jpg
Fødd 29. april 1887
Død

11. oktober 1962 (75 år)

Yrke illustratør

Sørensen var tilsett i Aftenposten 1909–1914 og 1918–1962, og i VG 1914–1918. Han vart særleg kjend for sine treffsikre portrett, mellom anna i Aftenpostens A-magasinet. Han teikna òg i vekebladet Urd, i vittigheitspressa og i andre vekeblad og julehefte. Han illustrerte over 60 bøker, m.a. Henrik Haugstøl sine bøker om det gamle Christiania. Den mest kjende av illustrasjonane hans er dei til Trangviksposten (4.–7. samling), som han vart knytt til i 1914. Dessutan deltok han på ei rekke utstillingar med frittståande arbeid, og er representert i Nasjonalgalleriet.

LitteraturEndra

  • Nilsen, Harald. Forsøk på et portrett av Øyvind Sørensen : Fragmenter av en avistegners liv (Oslo, 1963). 39 s. Særtrykk av Aftenposten.

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra