Ei traverskran er ei løfteinnretning som kan gå i tre plan (vertikalt og 2 horisontale plan). Ho består av ei kranbru montert på ein eller fleire laupekatter med eit heismaskineri. Desse kan vere monterte overliggjande eller underhengjande på kranbrua, avhengig av kor stor plass som er tilgjengeleg. Kranbrua er understøtta av hjul som går på skjener langs ei kranbane. Kranbrua kan vere montert overbyggjande på skjener eller underhengjande på bjelkar. Korleis krana er bygd opp avheng av spennvidde, løftekapasitet og løftehøgd. Traverskraner vert mykje nytta både på land og utaskjers.

Traverskran
Foto: Oxam Hartog
Skjenegåande traverskran i Torneå i Finland.

Kranene finst med forskjellig type styring. Ei hytte som er underhengjande på kranbrua er vanleg når krana vert mykje bruka (til dømes heile dagen) og takhøgda er stor. Då sit føraren i hytta og styrer krana derifrå. Hytta følgjer rørslene til krana, noko som gjev god oversikt til det som skal løftast. Eit anna vanleg type er tablåstyrte traverskraner. Krana blir då styrt ved hjelp av eit tablå som heng ned frå kranbrua. Den tredje mest vanlege styringa er radiostyring, òg kjent som fjernstyring eller trådlaus styring. Dette føregår ved hjelp av ein trådlaus kontroll som let kranføraren halda større avstand til krana ved farleg løfting som til dømes i smelteverk.

Opplæring og sertifikat i Noreg endre

Ved køyring av traverskran skal føraren ha sertifisert sikkerhetsopplæring. Dersom arbeidsgjevar etter ei risikovurdering kan dokumentere at det ikkje er fare for skade på liv og helse, kan opplæringa utføyrast som dokumnetert opplæring. Dokumentert opplæring kan utferdast av arbeidsgjevar eller anna kvalifisert person. Sertifisert opplæring kan ikkje utførast av arbeidsgjevar, men berre av ein sertifisert opplæringsverksemd. Det finst forskjellige typar traverskraner, tilpassa bruksområdet. Søylesvingkran fell ikkje under traverskran, men same opplæringsreglar gjeld.

Lovleg bruk av traverskran i Noreg, krev eit relevant kranfører-sertifikat.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Traverskran

https://www.ktf.no/

http://www.regelhjelp.no/Etatenes-sider/Arbeidstilsynet/Emner/Opplaring-i-bruk-av-arbeidsutstyr/ Arkivert 2018-05-18 ved Wayback Machine.