Tre Små Kinesere

Tre Små Kinesere er ei norsk popgruppe frå Trondheim. Ho er sett saman av frontmann Ulf Risnes (vokal, gitar), Lars Lien (piano, trekkspel, kor), Eirik Øien og Daniel Børmark (bass, vokal, kor), Dag Erik Oksvold og Freddy Bolsø (trommar, kor). Risnes har skrive mesteparten av gruppa sine låter og er gruppa si einaste gjenverande originalmedlem. Tidlegare bandmedlemmar er Baard Slagsvold (1988-2004), Øystein Hegge (1988-2005, 2010-2012) og Truls Waagø (2010-2013).[1]

Gruppa har halde ei lang rekkje konsertar og har gjeve ut ti studioalbum.[2] Låtene deira er ofte prega av akustiske instrument og fleirstemt song på trondheimsdialekt. «Soleplassland», «Klassebildet», «Hjertemedisin» og «Dørstokkmila» er nokre av dei best kjende songane til Tre Små Kinesere.

Historie endre

Tre Små Kinesere vart oppretta i 1988 av Ulf Risnes, som hadde bakgrunn frå fleire punkband frå Trondheim, og det var i det miljøet han traff Øystein Hegge og Baard Slagsvold. Dei spelte inn låten «Askeladden» i Gauldal Studioet til folkehøgskole, og plata vart utgjeve i mars. Tre Små Kinesere opptredde for første gong på lanseringkonserten til Den akustiske gitarligaen 4. mars 1988. Den første singelen, «Hei verden», kom året etter, då dei òg fekk platekontrakt og gav ut 365 Fri i 1990.

For den andre plata si Luftpalass fekk Tre Små Kinesere Spellemannprisen 1991 i klassa «Pop». Plate nummer fire, Hjertemedisin, gav poptrioen Spellemannprisen 1994 i klassa «Gruppe».

Bandet vart oppløyst i 2005 etter at Baard Slagsvold slutta.

Tre Små Kinesere heldt ein liten gjenforeningskonsert på Den kinesiske muren i oktober 2007, i høve 15 års-jubileet til Oslo Reiselivskor. I 2010 vart bandet gjenforeint, no med Truls Waagø på bass.

I 2011 kom plata I Live ut, eit livealbum med dei fleste av gruppa sine mest kjende låter.

Hausten 2012 gav Øystein Hegge seg, og vart erstatta av Lars Lien på tangentar og kor. Truls Waagø slutta i januar 2013, og vart erstatta av Eirik Øien på bass og kor.

Medlemmar endre

Noverande medlemmar endre

Tidlegare medlemmar endre

Diskografi endre

Album endre

  • 365 fri (1990)
  • Luftpalass (1991)
  • Vær sær (1992)
  • Hjertemedisin (1994)
  • Tro håp & kjærlighet (1996)
  • Ultralyd (1998)
  • Storeslem (1998)
  • De aller beste fra Tre Små Kinesere (2002) - Samlealbum
  • Gammel sykkel (2003)
  • Kjærlighet på tunga (2010)
  • I Live (2011) - Livealbum
  • Usynlig (2014)
  • OK Kompis (2017)
  • Drømmeanker (2020)

Singlar/EP-ar endre

  • «Tre Små Kinesere» (1988) - EP
  • «Hei verden/Sorte tyr» (1989)
  • «Ingen blir igjen» (1989) - Promo
  • «Soleplassland/Råkkenråll kontråll (live)» (1990)
  • «Kjærlighet/Salig/These Boots» (1990) - EP
  • «Café yé yé» (1991)
  • «Øldorado/Inderdit» (1991)
  • «Bare på film» (1992)
  • «Store ord/Utenbys/Bla bla ukebla» (1992) - EP
  • «Faren min» (1992)
  • «Klassebildet/Vinkemannen» (1994)
  • «Agnar Mykle/Jævel på lur/Soleplassland (live)» (1994) - EP
  • «Hjertemedisin (Bårrymix)/Hopp i havet» (1995)
  • «Ikke vær dum» (1996)
  • «Dørstokkmila» (1996) - Promo
  • «Mot riving av Svartlamon» (med Motorpsycho) (1997)
  • «Storeslem» (1998) - Promo-EP
  • «Min skatt» (1998) - Promo
  • «Skarpe skår» (1998) - Promo
  • «Naturens lover» (2002) - Promo
  • «Gammel sykkel» (2003) - Promo
  • «Gode daga» (2010) - Promo
  • «Ankerfeste» (2010) - Promo
  • «Tenk på ungan» (2011) - Promo
  • «Tredve varmegrader kaldt» (2013)
  • «Mennesket bak maska» (2014)

Kjelder endre

Referansar
  1. https://www.facebook.com/tresmaakinesere/info
  2. http://www.soleplassland.net/plater/

Bakgrunnsstoff endre