Trecia-Kaye Smith (fødd 5. november 1975) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som i 2005 vart verdsmeister i tresteghopp.

Trecia Smith
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 5. november 1975 (48 år)
Westmoreland Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006

Aktiv endre

Sesongane 2004 og 2005 høyrde Smith med i den ypparste verdseliteen i tresteghopp for kvinner. Tidleg i august 2004 presterte ho livsbeste 15,16 meter ved eit stemne i Linz. Trass i sterke 15,02 m i dei olympiske leikane i Athen enda ho på fjerdeplassen. Året etter viste ho seg frå si beste side under VM-finalen i Helsinki den 7. august. Ho avslutta tevlinga med dei tre lengste hoppa og vann med ein margin på 29 cm. Sidan heldt ho ikkje same høge nivå, men hoppa langt nok til å vinne øvinga i samveldeleikane 2006 og 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre