Yargelis Savigne
Yargelis Savigne Herrera (fødd 13. november 1984) er ein kubansk lengde- og tresteghoppar frå Niceto Pérez i Guantanamo-provinsen. Ho vart verdsmeister i tresteghopp både i 2007 og 2009, i 2005 tok ho sølvmedaljen i same øvinga.
Yargelis Savigne | |
Statsborgarskap | Cuba |
Fødd | 13. november 1984 (40 år) Guantánamo |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008 |
Aktiv
endreSavigne fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2005-sesongen. Under VM i friidrett 2005 i Helsinki valde ho å stille opp i både lengde- og trestegtevlinga, som junior hadde ho satsa på lengdehopp. I tresteghopp sikra ho seg sølvmedaljen med eit bestehopp på 14,82 m, medan ho i lengdetevlinga enda på fjerdeplassen med 6,69 m, ei plassering som åtte år seinare vart omgjort til bronsemedalje då Tatjana Kotova sitt sølvhopp vart annullert.
Under VM i friidrett 2007 i Osaka gjorde Savigne sitt livs lengste tresteghopp på 15,28 m og vann gullmedaljen framom russiske Tatjana Lebedeva. Våren 2008 vann ho tresteg også under innandørs-VM i Valencia, medan ho vart nummer fem då dei kvinneleg treseteghopparane møtteste til dyst under Sommar-OL 2008 i Beijing.
Savigne forsvarte VM-tittelen i tresteghopp då VM i friidrett 2009 fann stad i Berlin. Med 14,95 m vann ho ein klar siger framom landskvinna Mabel Gay, som sikra kubansk dobbeltsiger.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM i 2005 i Helsinki: Sølvmedalje i tresteghopp, bronsemedalje (frå 2013) i lengdehopp
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje i tresteghopp - 15,28 m, framom Tatjana Lebedeva (15,07 m)
- OL 2008 i Beijing: Nr 5 i tresteghopp - 15,05 m
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje i tresteghopp - 14,95 m, framom Mabel Gay (14,61 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 5 i tresteghopp - 14,50 m
- OL 2012 i London: Nr 9 i tresteghopp - 14,12 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yargelis Savigne» frå Wikipedia på engelsk, den 17. august 2015.