Trijntje Pieters Westra

Trijntje Pieters Westra (7. desember 17833. september 1861) vann i 1805 det fyrste offisielle hurtigløp på skeiser for kvinner i Nederland. Løpet gjekk over ei rett strekning på 140 meter. Westra fekk eit smykke til ein verdi av 105 gylden som premie.

Trijntje Pieters Westra


Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 7. desember 1783
Gauw
Død

3. september 1861 (77 år)

Idrett lengdeløp på skeiser

Bakgrunn endre

Westra var dotter av Maike Pieters og Pieter Reinders Westra, fødd på ein gard i Gauw i nærleiken av Sneek. Ho var også kjend som Trijntje Pieters van Poppingawier, etter grenda med same namn.[1]

Karriere endre

Den 1. og 2. februar 1805 vart det fyrste offisielle hurtigløpet på skeiser for kvinner arrangert. Løpet fann stad på Stadsgracht (bykanalen) i Leeuwarden og lyst ut som Luisterrijke Vrouwen Schaatsen Rijdpartij ('Gloriøst hurtigløp på skeiser for kvinner'). Om lag 130 kvinner, gifte så vel som einslege, i ein alder frå 14 til 51 år, melde seg på til løpet. Tevlinga samla ca. 12 000 tilskodarar.[1]

Rundt år 1800 var det i dei nordlegaste provinsane av Nederland vanleg å gå på skeiser på kanalene, særleg for koner og døtrer av sjømenn, bønder og landarbeidarar. Om vinteren, då vegane ikkje var farbare, gjekk dei i staden på skeiser på kanalane for å utføre det daglege arbeidet sitt. Men skeiseløp var også ein kjær fritidssyssel, for både menn og kvinner. Av og til deltok også kvinner i tevlingar. I 1801 deltok to kvinner i eit løp i Groningen, der dei brukte to timar på å tilbakeleggje 30 engelske mil.[2]

Tevlinga i Leeuwarden i 1805 var lagd opp som ein cup, der løparane gjekk mot kvarandre to og to. Løpsdistansen var ca. 140 meter som gjekk over ei rett strekning på kanalen. Med sidevind vart strekninga tilbakelagd på ca. 13 sekund.[1]

Dei innleiande rundane vart ikkje ferdige før mørkeret falt på fyrste dag. Fleire av deltakarane måtte difor gå på skeiser heim igjen, som kunne liggje langt unna. Dagen etter måtte dei gå tilbake til kanalen for dei avsluttande rundane. I finalen gjekk 22 år gamle Westra mot 16 år gamle Janke Wybes van Damwoude. Westra vann finalen og dimed også eit smykke til ein verdi av 105 gylden. Andreplassen vart lønt med eit smykke til 31 gylden.[1]

Biletet som viser målgangen er laga av Jacob Ernst Marcus etter ei teikning av Albert Jacob van der Poort.[2]

Det er ukjent om Westra gjekk fleire skeiseløp etter dette. Ho gifta seg i 1806 med Ysebrand Tomes Boersma frå Terzol, og kalla seg deretter Boersma. Paret fekk tre barn. Westra døydde i ein alder av 78 år i Rauwerdenhem.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Anne-Marie Mreijen (Martha Kist) (2016). «Pieters Westra, Trijntje (1783-1861)». Huygens institut. Henta 18. januar 2023. 
  2. 2,0 2,1 Pieter Roelofs (u.d.). «Gold for Houkje Gerrits Bouma». Rijksmuseum. Henta 20. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trijntje Pieters Westra