Trilogy av Emerson, Lake & Palmer

Trilogy av Emerson, Lake & Palmer
Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer
Språk engelsk
Utgjeve 6. juli 1972
Innspelt Oktober 1971 til januar 1972
Studio Advision Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 42:23
Selskap Island
Produsent Greg Lake
Emerson, Lake & Palmer-kronologi 
Pictures at an Exhibition
(1971)
Trilogy av Emerson, Lake & Palmer Brain Salad Surgery
(1973)


Trilogy er det tredje studioalbumet til den engelske progressiv rock-gruppa Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut i juli 1972 på Island Records.

Trilogy gjorde ELP meir populære verda over, og inneheldt «Hoedown», eit arrangement av ein komposisjon av Aaron Copland. Denne har vore ein av dei mest populære songane på konsertane deira.

Greg Lake sa dette var hans favoritt ELP-album.[1]

Bakgrunn og innspeling endre

 
Staden i Epping Forest der bileta til innsida av det originale platecoveret blei tekne.

I september 1971 tok bandet ei pause frå sommarenturneen sin i Nord-Amerika for å marknadsføre Tarkus (1971) og Pictures at an Exhibition (1971) og spelte inn nytt materiale for det neste studioalbumet. I mai 1972 vart innspelinga nemnt i eit musikkmagasin, men hadde då enno ikkje fått ein tittel.[2] Emerson var nøgd med albumet då det var fullført og omtalte den varierte og forskjellige stilen samanlikna med Tarkus.[2]

Plateomslaget vart designa av Hipgnosis. Det syner ei kombinert byste av dei tre medlemmane, medan innsida av albumet består av ein fotomontasje av dei tre i Epping Forest. [3] Den spanske kunstnaren Salvador Dalí vart spurt om å designe omslaget, men han kravde 50 000 amerikanske dollar for jobben, og vart avvist.[2]

Songar endre

«The Endless Enigma» er ein suite i tre delar. Den første delen byrjar med lyden av hjarteslag, som ein først trudde vart skapt på basstromma av Palmer, men som det sidan vart oppdaga vart skapt av Lake som spelte med dempa strenger på bassgitaren sin.

«From the Beginning» er ein dempa, akustisk gitar-basert song som nådde 39. plassen på den amerikanske singellista.[4] Songen har oftare vore med på samlealbum av ELP enn konsertane deira.[5]

Under trommesoloen som opnar «The Sheriff», slår Carl Palmer feilaktig kanten av tom-tommen med ei trommestikke. Ein kan høyre han seie «Shit!» om ein lyttar nøye etter. «The Sheriff» endar med ein honky tonk-aktig pianosolo med Palmer på treblokker.

«Hoedown» er ein versjon av «Hoe-Down» frå balletten Rodeo (1942) av Aaron Copland. det vart opningssongen for både Trilogy- og Brain Salad Surgery-turneane.

«Abaddon's Bolero» høyrest ut som ein bolero omgjort til ein marsj (i 4/4-takt i staden for den vanlege 3/4-takten). Songen heitte opphavleg Bellona's Bolero etter krigsgudinna.[6]Ein enkel melodi med mange modulasjonar vert repetert om og om att over eit stadig meir fyldig arrangement Det byrjar med eit roleg Hammondorgel som spelar ein fløyte-aktig lyd over ei skarptromme, og byggjer seg opp til ein mur av lyd – Maurice Ravel sin kjende Boléro nyttar ein liknande effekt. «Abaddon's Bolero» vart berre spelt nokre få gonger på konsertar, der Greg Lake spelte Mellotron og Moog synthesizer. Dette vart for vanskeleg og songen vart kutta frå setlistene.[7] Bandet henta fram att stykket for turneen i 1977, då dei vart akkompagnert av eit orkester.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]
Christgau's Record GuideC–[9]

Albumet nådde femteplassen på Billboard 200[10] og nådde andreplassen på den britiske albumlista.[11] Det låg fire veker på dansk topp 10 og nådde sjetteplassen der.[12]

Billboard hylla albumet for den «stadige forbetringa» til Keith Emerson på Moog synthesizer.[13] Robert Christgau skreiv «Pompøsiteten på Tarkus og monstrositeten på hyllesten til Mussorgsky går mot kvarandre her - desse karane er like dumme som den særs pretensiøse fansen deira.»[14]

Innhald endre

All tekst er skriven av Greg Lake[3]; all musikk er komponert av Keith Emerson utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelMusikkArrangementLengd
1.«The Endless Enigma (Part 1)»  6:41
2.«Fugue» (Instrumental)  1:56
3.«The Endless Enigma (Part 2)»  2:03
4.«From the Beginning»Greg Lake 4:16
5.«The Sheriff»  3:22
6.«Hoedown» (Instrumental)Aaron CoplandEmerson, Lake & Palmer3:47
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Trilogy»8:54
2.«Living Sin»3:13
3.«Abaddon's Bolero» (Instrumental)8:08
Plate to av luksusutgåva frå 2015 - Ny stereoutgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«From The Beginning» (Alternate Version)Lake4:16
2.«The Endless Enigma (Part One)» (ny stereomiks)Lake, Emerson6:43
3.«Fugue» (ny stereomiks)Emerson1:57
4.«The Endless Enigma (Part Two)» (ny stereomiks)Lake, Emerson2:03
5.«From The Beginning» (ny stereomiks)Lake4:17
6.«The Sheriff» (ny stereomiks)Lake, Emerson3:24
7.«Hoedown»Copeland, Palmer, Lake, Emerson3:46
8.«Trilogy» (ny stereomiks)Lake, Emerson8:58
9.«Living Sin» (ny stereomiks)Palmer, Lake, Emerson3:11
10.«Abaddon's Bolero» (ny stereomiks)Emerson8:13
Plate tre av luksusutgåva frå 2015 - DVDA 5.1 Trilogy
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Endless Enigma (Part One)»Lake, Emerson6:41
2.«Fugue»Emerson1:56
3.«The Endless Enigma (Part Two)»Lake, Emerson2:01
4.«From The Beginning»Lake4:14
5.«The Sheriff»Lake, Emerson3:22
6.«Hoedown»Copeland, Palmer, Lake, Emerson3:46
7.«Trilogy»Lake, Emerson8:52
8.«Living Sin»Palmer, Lake, Emerson3:11
9.«Abaddon's Bolero»Emerson8:08
10.«The Endless Enigma (Part One)» (ny stereomiks)Lake, Emerson6:45
11.«Fugue» (ny stereomiks)Emerson1:57
12.«The Endless Enigma (Part Two)» (ny stereomiks)Lake, Emerson2:02
13.«From The Beginning» (ny stereomiks)Lake4:17
14.«The Sheriff» (ny stereomiks)Lake, Emerson3:24
15.«Hoedown»Copeland, Palmer, Lake, Emerson3:46
16.«Trilogy» (ny stereomiks)Lake, Emerson8:58
17.«Living Sin» (ny stereomiks)Palmer, Lake, Emerson3:14
18.«Abaddon's Bolero» (ny stereomiks)Emerson8:22
19.«From The Beginning» (Alternate Version)Lake4:16

Medverkande endre

Emerson, Lake & Palmer

Produksjon

  • Eddy Offord – lydteknikar
  • Greg Lake - produsent
  • Barry Diament – mastering
  • Hipgnosis – design og fotografi
  • Phil Crinnell – farging

Singlar endre

Kjelder endre

  1. «Vintage Rock Interview with Greg Lake». vintagerock.com. Henta 25. februar 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Boucher, Caroline (13. mai 1972). «Emerson Lake and Palmer: Why Keith Wants to Become Immortal». Disc. Henta 11 Desember 2018 – via Rock's Backpages. 
  3. 3,0 3,1 Trilogy. Emerson, Lake & Palmer. Island Records. 1972. ILPS 9186. 
  4. «AllMusic From the Beginning». allmusic.com. Henta 23. februar 2020. 
  5. «AllMusic From the Beginning: Retrospective». allmusic.com. Henta 23. februar 2020. 
  6. The Manticore Vaults Volume 1 (song introduction)
  7. «museum». www.greglake.com. Henta 25. februar 2020. 
  8. Couture, François. «Trilogy – Emerson, Lake & Palmer | AllMusic». AllMusic. Henta 25. februar 2020. 
  9. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: E». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  10. «Billboard». allmusic.com. Henta 25. februar 2020. 
  11. «Official Charts Company Trilogy». Official Charts Company. Henta 25. februar 2020. 
  12. «danskehitlister.dk». danskehitlister.dk. Henta 25. februar 2020. 
  13. «Billboard Album Reviews». Billboard 84 (30): 82. 22. juli 1972. Henta 25. februar 2020. 
  14. Robert Christgau. «Robert Christgau: CG: Emerson, Lake and Palmer». RobertChristgau.com. Henta 25. februar 2020.